Allsidig Systrendingen om Spanska, vassforsyning, sølv og tradisjonseple

Julenummeret av Systrond sogelag sitt sogeskrift, Systrendingen, er no i handelen.

Veit du at det i år er 100 år sidan spanskesjuka herja for fullt? Kva var eigentleg denne sjuka? Kva veit vi om korleis sjuka herja i bygdene? I artikkelen «Spanskesjuka i Leikanger» gjev Per Olav Bøyum oss eit innblikk i kva dette var slags sjukdom og vi får tal på sjuke og døde i dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane. I skulearkiv og arkiv etter Sogns Barneheim kjem han tett på korleis sjukdomen herja i kommunen.

Henjaelvi har gjennom tidene vore, og er framleis svært viktig for alle Systrendingar. Knut Henning Grepstad har fokus på Henjaelvi i to artiklar. Han tek utgangspunkt i den viktige debatten som har gått i fleire år; kva vil kraftutbygginga i Henja- og Grindsdalen ha å seia for stabil, trygg tilgang på vatn? Grepstad tek oss med på ei reise i tid, og viser oss korleis Henjaelvi har vore viktig for menneska i bygda opp gjennom åra.

I artikkelen «Dammen i Trastadalen» får vi historia om bygginga av Trastadalsdammen.

Også Hermund Kleppa held seg i nærleiken av Henjaelvi når han fortel om eit sølvfunn. I siste halvdel av 1800-talet var det mange som reiste rundt og leita etter rikdomar i fjellet, slik også her i bygda. Lakshøl-skjerpet vart sett på som lovande, så kvifor vart det ikkje ei større sølvgruve i Leikanger?

Henning Rivedal let seg fascinera av flaskeeplet, eit syrleg eple som eignar seg til matlaging – og særleg til eplekake. No har også kjendiskokkar fått opp auget for eplet!

Med god hjelp frå mellom anna Endre Gjerde, Bjørgulv Mykland, Arne Opthun, Nils Njøs og Odd Njøs, har Knut Henning Grepstad freista å namnsetja ulike deler av Njøsadalen. Dette finn du på midtsida i eit innhaldsrikt blad. Dersom du har innspel til namnesetjinga, ber sogelaget deg om å ta kontakt.

Bladet kan kjøpast i butikken Små Livsgleder på Saften, og ein kan tinge årsabonnement på heimesida vår, systrondsogelag.no.

Systrendingen passar også fint under juletreet!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *