Skribentarkiv: sogelaget

Sommarnummeret av Systrendingen klart for ei kosestund!

Når starta fotballen i Syril? Kor lenge var Peder Rusten lensmann i Leikanger? Kor er Bodlasteinsvatnet og Oksli?  Kvifor heiter det Laggasteinane? Når vart første skyttarlaget skipa på Leikanger?

Vil du ha svara? Dei finn du i i Systrond sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.

Les meir

Vatningsveiter

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Utan vatn er det ikkje mogeleg å dyrke jorda. Fram til ein fekk elektriske pumper var det i mange område i Noreg ei krevjande utfordring for jordbruket å få fram nok vatn. Langt tilbake i historia har bøndene bygt veiter som førde vatn til jordene. Gardbrukarane laga samarbeidskontraktar om å byggja og vedlikehalda vassveiter frå høgfjellet til gardane. Dei vedtok reglement og etablerte vatningsstyre. Det var nøye regulert korleis vatnet skulle fordelast mellom hovudveitene og sideveitene, med tal timar kvar brukar kunne vatna. Systrond sine vassressursar i fjella har alltid vore viktige for livet og økonomien i bygda. Systrond har hatt seks veiter som førte vatn frå vasskjelder i fjella. Veitene leverte vatningsvatn til stølane, gardane, tilsig til brønnane og for nokre det einaste husvatnet.

Me veit ikkje kor tidleg dei første veitene på Leikanger vart laga. Nokre kjelder går tilbake til 1600-/1700-talet. Frå midten av 1800-talet kom meir intensivt jordbruk med nye reiskapar og nye artar. Fruktdyrkinga starta opp frå slutten av 1800-talet. Veitene var no forbetra. Det vart trong for meir vatn og til nye område.

Dei viktigaste veitene på Systrond er Njøsaveiti der det var fire veiter, Henjaveiti for gardane på Henjum og Røysum, Husabøveiti, Hamreveiti og Grindsveiti. Alle veitene hadde eit system av sideveiter.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Tinghuset – det første administrasjonsbygget på Leikanger

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Aust for kyrkja ligg Sogndal kommune sitt Tinghus, det første administrasjonsbygget på Leikanger. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune held til i bygget.

Tinghuset vart teke i bruk 1939. Murbygningen er i klassisistisk stil med mange av dei originale detaljane og overflatene intakte. Bygningen er eit særmerkt kulturminne, både arkitektonisk og kulturhistorisk. Tinghuset har ein viktig rolle i den administrative historia på Leikanger og i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) held til i Statens Hus like aust for Sorenskrivargarden. Like aust for Digdir ligg ein raud bygning, eit vakkert funkishus frå sist på 1930-talet. Det er den tidlegare embetsmannsbustaden til politimeisteren i Sogn. Huset, i dag i privat eige, er freda.

Tinghus II (den kvite lågblokka) kom i 1950-åra og Tinghus III (høgbygget i fleire fargar) kom på 1960-talet. Dei to husa vart etter kvart avløyste av nye administrasjonsbygg andre stader i bygda. Etter å ha stått tomme ei tid vart bygningane rivne i 2019.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Ørjan Talle. Layout: IHP as – Leikanger.

Sognefjord hotell

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i sogn og fjordane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.

Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862. Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe.

Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.

Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han levde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger.

Skrivargarden – embetsmannsbustad

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Huset på sorenskrivargarden vart bygd i 1820-åra, og utbygd med standsmessige ”tårn” i 1866, etter at embetsmannen tok eigendomen i bruk i 1864. Midtdelen av bygningen er i typisk bergensk empirestil frå ca. 1820. Dei to sidefløyane frå 1860-åra er også i eit klassisistisk formspråk, men i den noko tyngre biedermeierstilen.

Sorenskrivaren budde her til 1974, då embetet vart flytta til Høyanger. Sorenskrivargarden er eit kulturminne som fortel ein viktig del av fylkeshistoria. På Sorenskrivargarden, rett nedanfor riksvegen, står to svært høge lauvtre: Skrivareiki og Almen. Skrivareiki er eit velkjent landemerke på Systrond. Treet skal ha blitt planta kring 1750 og har ein omkrins på meir enn 5 meter. Trekrona strekk seg meir enn 26 meter til vers.

Lenger aust står almen, som er eitt av dei største trea i sitt slag i Noreg. Almen er meir enn 29 meter høg og har ein omkrins på om lag 6 meter (2016).

Difi sitt kontorbygg er oppført på Sorenskrivargarden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Pyttane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Pyttane er livsverket til Eirik Fosse, kalla Bøllamann, og kona Ingebjørg, kalla Bølla. Eirik
fekk kallenamnet sitt etter Bølla. Han var eit arbeidsjarn, evnerik, sterk og uthaldande, nytenkjande med fantasi og skaparevne. Bølla var også eit arbeidsjarn som støtta mannen og deltok i arbeidet.

Dei fekk kjøpt området i Pyttane om lag midtvegs fram i dalen. Her sette dei inn kreftene sine på å rydda og overflatedyrka området. Dei fann nye løysingar på drifta. Bøndene lagra tørrhøyet og lauvet i høyløer. Bøllamann valde ei anna løysing. Han bygde ein liten fjøs. Her fora han sauene sine til forlageret var tomt, om lag ved juletider. Då gjekk han framfor sauene og laga gangveg i snøen, slik at dyra kunne koma seg heim til småbruket i bygda. Og på denne måten låg møka neste vår klar til spreiing frå fjøsen i dalen. Dei andre bøndene, som skulle gjødsla teigane sine i dalen, måtte køyra møka heimanfrå om våren, noko som var særs arbeidskrevjande. Det slapp Bøllamann. Dei bygde etter kvart fleire hus og budde her til seinhaustes og tidleg på vinteren.

Pyttane er eit viktig kulturminne som fortel om slitet med å utnytta resursane i dalen og
korleis driftige folk fann løysingar som letta strevet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger.

Leikanger prestegard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Namnet Leikanger kjem frå norrønt, og ber truleg bod om at staden vart brukt til kappestrid (leikr). Området ved kyrkja har etter kvart gjeve namn til kommunen og den eine tettstaden.

Inntil Leikanger kyrkje ligg den uvanleg grøderike prestegardshagen. Det er ein sjeldan vakker botanisk hage med 5 velhaldne bygningar og fleire eksotiske planteslag.
Mange av trea og vekstane i hagen høyrer til på langt sørlegare breiddegrader. Tresorten Libocedrus decurrens frå det vestlege Nord-Amerika er rekna som den sjeldnaste og mest spesielle i prestegardshagen, med få eksemplar i Noreg. Mammuttreet (Sequoiadendron giganteum) er 160 år gamalt og meir enn 21 meter høgt. Treet er det største i sitt slag i Noreg. Det kan bli langt over 2000 år gamalt.
Det tidlegare hovudhuset på Leikanger prestegard vart i 1910 flytta til Norsk folkemuseum på Bygdøy og inneheld i dag Thaulowmuseet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Nybø – Fylkesmannsgard og møteplass

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Garden Nybø har vore i offentleg eige sidan 1853. Han har tidlegare vore både sorenskrivargard og fylkesmannsgard. Bygningane har sidan 1970-åra vore i kommunal eige. Bygningen vart ei stund nytta som bustad, men husar i dag Nybø barnehage.

Trebygningen i midten mellom riksvegen og barnehagen er Amtskontoret frå om lag 1860. Bygget er i dag Administrasjonsmuseum. Nordre Bergenhus Amt, frå 1919 Sogn og Fjordane fylke, vart eige fylke i 1763. Amtmennene budde i Bergen, på Kaupanger, i Lærdal og Balestrand før amtmannen i 1862 valde å slå seg ned på Leikanger. Sidan har Nybø vore kalla Fylkesmannsgarden. På garden er det fleire verneverdige bygningar, mellom anna Amtskontoret og sjølve hovudhuset, der barnehagen ligg.

Strandlina under Fylkesmannsgarden er offentleg badeplass. Her ligg Fylkesmannsnaustet og det som var badehuset for kvinnene i fylkesmannsgarden.

Ved badeplassen står det òg ein bautastein. Denne vart funnen i samband ved bygging av riksvegen i 1937, saman med gravminne frå eldre jarnalder. Her står det også eit «turkehus» som er flytt hit frå høgdegarden Eggja. «Turken» vart nytta til å tørke kornet før brygging av øl.

På oppsida av riksvegen ligg ”Gamle Amtmandslunden” eller berre ”Lunden». Lunden var tidlegare ein viktig samlingsstad i bygda og fungerte som 17. mai-plass frå kring 1900 til 1973. Det vart òg halde ungdomslags- og songarstemne i Lunden med opp til 3.000 deltakarar. Frå 1931 vart Lunden fast 1. mai-plass for arbeidarrørsla i Leikanger. Statsminister Jørgen Løvland og statsrådane Johan Castberg, Olav Meisdalshagen og Kåre Fostervoll var mellom talarane i Lunden. Dei seinare åra er Lunden restaurert noko og området blir brukt til undervisning og som leikeområde for Nybø barnehage.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Njøsadalen – stølsområda

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Njøsaelvi var viktig vasskjelde for jordbruket på Njøs. Njøsadalen var viktig for gardsbruka på Njøs og i Gjerde. Dalsidene og stølane i dalen og i fjellområdet gav auka matproduksjon og dermed betre økonomi. Teigane i dalen vart nytta som vårbeite
før husdyra vart flytta til fellesområda i fjellet. Om hausten var teigane slegne og høyet lagra i høyløer. Trea vart lauva og nytta til for. På ettervinteren vart foret i løene frakta til gards med hest og slede på snøføre – eit særs krevjande arbeid.

Njøsadalen har no veg frå Kvålen 90 m.o.h. til Botnabakken ca 400 m.o.h. Herifrå går vegen mot vest til Skagasete og mot aust til Geitadalen. Vegen har gjort dalen, stølsområda og fjella rundt til eit verdfullt friluftstilbod for bygdefolk og turistar.
I området opp frå dalen ligg desse stølane: Skagasete på vestsida, Tuftahaug på austsida og Hottadalen, Sumhaug og Fjærlandsete i nord. Fjærlandsetvatnet er eit godt fiskevatn.

Mykje skogplanting på 1950/60-talet og sterk attgroing har totalt forandra det gamle kulturlandskapet og dei fleste gamle høyløene har rasa saman.

Stadnamn i Njøsadalen

Dei fleste stadnamna i dalen har sitt opphav i topografi, personar eller hendingar.
Frå Kvålen og framover finn me: Svaknubben, Hatlane, Kleivane, Vetlagjerde, Galdene, Femteigen, Pyttane, Edlevavegene, Dalsete, Galden, Blomhola, Nyabrui, Garlebakkane, Idlebakkane og Botnabakken.

På vestsida ligg: Baukasengene: Plassar der ein sleit mykje med jorda; å bauka = å bala,
slita med. Skagasete: Skag- = noko som står opp eller fram (jf. skog, skjegg)

Skaganom: Om lag midt oppe i lia er det funn av mogeleg busetnad, omtala i gamle skrifter.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.