Bilete av Knut Henning Grepstad som held opp ei bok av Einar Svartefoss med tittelen 5-årsnatta. Bilettekst er Bombinga av Hermansverk og Leikanger 25. aptil 1940.

Bombinga på Systrond 25. april 1940

For 80 år sidan vart både Hanehaug og Hermansverk i Leikanger bomba av tyskarane.

25. april i 1940 låg DS «Gudvangen» på Hermansverk. Seinare same dag kom DS «Kommandøren» til kaien på Hanehaug på Leikanger. Fylkesbåtane eigde begge båtane.

Tyske fly gjekk til angrep og prøvde å senke båtane og skade folk på land. To personar vart drepne, to vart alvorleg skada og fleire vart lettare såra. På Hanehaug vart det store skadar på mange hus.

Knut Henning Grepstad er leiar i Systrond sogelag, og i denne filmen fortel han om kva som hende denne aprildagen for 80 år sidan. Foto/regi er ved Håvard Nesbø.

Foto/regi: Håvard Nesbø. Gamle foto: Systrond sogelag. Filmen varer i 27 minutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *