Kategoriarkiv: Aktivitetar

Grinde-Engjasete – ope møte og fotopresentasjon

18. april kl. 19 på Leikanger Fjordhotell inviterer Systrond sogelag, Leikanger kommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til ope møte og fotopresentasjon. Innleiar er Oskar Puschmann, landskapsgeograf ved NIBIO.

Puschmann har i fleire år reist rundt og fotografert det norske kulturlandskapet. Gjennom å samanlikne sine bilete med eldre bilete får han fram landskapsendringar på ein tydeleg og engasjerande måte.

Grinde-Engjasete er eit av 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i landet.

Gratis inngang.

Skiftende tider – skiftende traktor. Foto: Roald Lunde (1975) og Oskar Puschmann (2016)

Nye skilt til Leikanger skal lokke folk og betre folkehelsa

– Vi håpar også å driva litt folkeopplysning, ved å vise fram den spanande historia vår.

Det er to engasjerte mannfolk som vil prata om ”skiltprosjektet”, eit prosjekt som starta for nesten tre år sidan.

– Vi hadde 16 skilt som vart satt opp på midten av 90-talet, i regi av Norsk Fruktmuseum. Men dei var nedslitne og utgått på dato, så me innsåg at noko måtte gjerast, fortel Roar Werner Vangsnes.

Som leiar i Opplev Leikanger, er han ein av dei som har engasjert seg i dei nye skilta, på 152×65 centimeter, som skal monterast i området mellom Leikanger og Hermansverk. Etter at vi fekk til eit godt samarbeid med Systrond Sogelag, har det vore stor framdrift i prosjektet.

– Teksten på skilta er basert på dei gamle skilta, men har oppdatert og utvida kunnskap. I tillegg har vi fått til flotte flyfoto, fortel nestleiar i Systrond Sogelag, Knut Henning Grepstad, som nok kan reknast som den største eldsjela i prosjektet.

Les meir

Bygdevandring i Eitorn

Skulehuset i Eitorn

Skulehuset i Eitorn

Systrond sogelag inviterer til bygdevandring tysdag 7. juni i fantastiske Eitorn. Olav Eitungjerde vert vår lokale guide, og turen vil ta mellom 2 og 3 timar.

Oppmøte på Hella kl 17.00.

Kom åleine eller ta med ein ven, son, mor, søskenbarn, kollega, hund e.l.

Vi satsar på å avslutte turen på 17. mai-haugen – ein perfekt plass for kveldsmat eller ein kopp kaffi for dei som ønskjer å ta med niste og/eller termos.

Meld deg på vandringa på Facebook for å få oppdateringar (lenke).

Utsikt frå Eitorn

Utsikt frå Eitorn

Årsmelding for 2015

Aktivitetar og tiltak

Kulturminneplan for Leikanger kommune

Leikanger kommune har starta arbeidet med kulturminneplan. Sogelaget vart invitert til å delta i arbeidet. I styringsgruppa for planarbeidet deltek Kjell Arne Valvik, Knut Henning Grepstad og Marit Anita Skrede. Elles er styringsgruppa sett saman av politikarar og administrasjonen i Leikanger kommune. I tillegg har medlemar i sogelaget aktivt teke del i registreringsarbeidet knytt til planen. Det har vore fleire møte i styringsgruppa, og i tillegg folkemøte/arbeidsmøte. Planprogrammet for det vidare planarbeidet, som er utarbeidd av sogelaget i samarbeid med kommunen, er vedteke.

Her er Kjell Arne ute og registrerer kulturminne saman med familien.

Her er Kjell Arne ute og registrerer kulturminne saman med familien.

Hårfagreparken i samarbeid med styringsgruppa og kommunen

Kong Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike. Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagre-ætta i Noreg.

Ordførar Olav Lunden opna HårfagreparkenDen minnesteinen i Hårfagreparken er reist på den gamle kongsgarden Husabø. Bautasteinen som ligg i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø. I området der parken ligg har Husabøgardane hatt båtstøa og nausta i lang tid tilbake.

Initiativtakar til parken er Steinar Velle som i lengre tid har hatt stor interesse for mellomalderhistoria på Leikanger og i Sogn. Interessegruppa i starten var Steinar Velle, Erling Eggum og Jan Erik Lie, med utgangspunkt i at Erling Eggum ville stille tomta i Strandavegen til disposisjon for parkføremål.  Stor takk til Erling Eggum som har gjeve tomta i gåve til parkføremålet vederlagsfritt.

Når det viste seg at det var tilgjengeleg tomt til føremålet på Husabø bad Steinar Velle om at Systrond sogelag tok over prosjektet og vidareførte dette fram til parken var ferdig.

Sogelaget har vore ansvarlege for prosjektplanen. Det vart sett ned ei prosjektgruppe sett saman av Kjell Arne Valvik og Knut Henning Grepstad frå sogelaget, Per Holen frå kommunen og landskapsarkitekt Hilde Ruud. I samarbeid med Sogelaget og kommunen har Hilde Ruud på dugnad utarbeidd planskisse for Hårfagreparken. Stor takk til Hilde Ruud som også har hatt ansvaret for utforming  og oppfølging  i byggeperioden.

Byggeleiinga og sjølve opparbeidinga av parken er utført på dugnad av Svein Helge Frækaland og Lars Håkon Seim. Utan deira innsats ville vi ikkje fått etablert Hårfagreparken no. Leikanger kommune har gjeve eit tilskot på Kr 50 000 til opparbeidinga av Hårfagreparken. Sogelaget har søkt og fått Kr 30 000 i støtte frå  Sparebankstiftinga.

Minnesteinene er plukka ut hos Håvard Ølmheim. Teksten på minneplata er utforma av Steinar Velle, medan teksten til informasjonsskiltet er utforma av Steinar Velle, Knut Henning Grepstad, Kjell Arne Valvik og Per Holen. Tor Fotland har gjort jobben med det tekniske på skiltet.

Arbeidet med Hårfagreparken eit døme på at med stor dugnadsvilje og dugnadsinnsats er det mogeleg å realisere nye og spanande prosjekt til glede og nytte både for lokalmiljøet og for tilreisande. Sogelaget vil rette ei stor takk til alle som har medverka.

I samband med opninga av Hårfagreparken vart det halde føredrag på Leikanger Fjord Hotel. Der heldt Marit Anita Skrede ei kort innføring om Husabø i førhistorisk tid. Steinar Velle heldt føredrag om Harald Hårfagre og hans tilknyting til Husabø, Leikanger og Sogn. Det var mange frammøtte. Styret takkar for to flotte føredrag.

Godt oppmøte også på dei lokalhistoriske foredragar på hotellet

Før opninga av parken vart det arrangert bygdevandring frå Leikanger kyrkje og fram til Hanahaug, leia av Knut Henning Grepstad (med sogelaget sin nyinnkjøpte ropert). Det møtte kring 150 personar på vandringa, som var ein stor suksess for sogelaget. På «Fruktbare dagar» hadde også Knut Henning Grepstad og Per Holen ei kulturhistorisk vandring i sentrum der det var vel 20 deltakarar. Sogelaget har også vore ansvarleg for ein av lunsjkafeane på biblioteket.

Logo og Røysanål

På årsmøtet i 2005 vart styret bede om å få utarbeidd logo for laget. Dette arbeidet har styret gjennomført i 2015 i samarbeid med Ørjan Engedal i Arkeoreplika. Engedal har også støypt replika av ei fuglenål i bronse som vart funnen på Røysa. Sogelaget sel denne nåla. Logo og Røysanåla blei  presentert på «Fruktabare dagar» der vi også hadde stand.

Røysanåla

Heimeside

I 2015 har laget fått laga eiga heimeside www.systrondsogelag.no. Det er og etablert ein facebookprofil for laget. Styret vil rette ei stor takk til Sigrun Espe for arbeidet med heimeside og facebookprofil.

Systrendingen nr1 2015_framsideSystrendingen

Marit Anita skrede har redaktøransvaret for Systrendingen. Bladet kjem ut med to nummer i året. Det er omlag 270 abonnentar på Systrendingen. I tillegg vert bladet selt på Leikanger Bokhandel. Styret vil rette ei stor takk til redaktør Marit Anita Skrede og redaksjonsnemnda for eit flott blad. Styret vil også rette ei stor takk til alle som har skrive i bladet. Siste nummeret av Systrendingen har motteke ei rad gode tilbakemeldingar.

Leikangerkalendaren

På grunn av stor arbeidsmengd, i samband med mellom anna Leikanger kommune sin kulturminneplan og planlegginga/prosjekteringa av Hårfagreparken, fann vi ikkje rom for å ta del i arbeidet med Leikangerkalendaren i 2015.

Vidare arbeid

Kulturminneplan for Leikanger kommune

Arbeidet med kulturminneplanen i samarbeid med kommunen og innbyggjarane i kommunen held fram. Sogelaget deltek både i skriving av sjølve planen og registreringsarbeidet. Dette er det prosjektet som vil ha størst fokus og arbeidsmengd for laget i 2016 og 2017.

Marit Velle registrerer Pyttane. Foto: Marit Anita Skrede

Marit Velle registrerer Pyttane. Foto: Marit Anita Skrede

Hårfagreparken

Hårfagreparken vart ikkje heilt ferdig i 2015. Det var nesten eit urealistisk prosjekt å ha parken klar til opning på «Fruktbare dagar». Det var ikkje mogeleg å få levert skiltstativ, benkar og søppelbehaldar til avdukinga  av minnesteinen og opninga av Hårfagreparken, men dette vil bli montert i løpet av våren. Benkar, skilt og søppelbehaldar er komne til Leikanger, og det er planlagt dugnad 8. og 9. april for å få parken klar til «Kjeringi Open». Vi treng nokre personar til frå sogelaget til denne dugnaden.

Når Hårfagreparken er heilt ferdigstilt vil den bli gitt som ei gåve til Leikanger kommune, som då tek over ansvaret for parken.

Skiltprosjektet i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen

Sogelaget tek del eit større formidling-/skiltprosjekt i kommunen. Dette er ei oppgradering og vidareføring av «Fruktstien» som vart etablert på 1990-talet. Dette arbeidet gjer vi i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen, med mellom anna midlar frå Sparebankstiftinga. Ny søknadsfrist om midlar 8. april. 14 av skilttekstane er utarbeidd så langt.

I tillegg tek vi del i eit formidlingsprosjekt knytt til Henjahaugane. I dette prosjektet har kommunen inne søknad om midlar frå Riksantikvaren.

Organisasjon

Tillitsvalde

Styret har vore samansett slik etter årsmøtet 8. mars 2015:

Leiar:
Kjell Arne Valvik.

Styremedlem:
Knut Henning Grepstad (nestleiar)
Marit Anita Skrede (skrivar)
Sigrun Espe (nettansvarleg)
Kjerstin Risnes

Varamedlem:
Marit Velle (fast møtande vara)
Bodil Andersen Strand
Jan Reidar Njøs

Revisor:
Anna Hamre. Magnar Fredheim har mellombels teke over etter Anna sin bortgang.

Valnemnd:
Kolbjørn Nord
Arne Rosenlund

Medlemar

Ved årsskiftet 2015/2016 har laget 73 medlemar. Det har vore ei fin auke frå 47 medlemar ved årsskiftet 2014/2015. Arbeidet med å verve medlemar må halde fram, slik at vi kan få til auka aktivitet i laget.

Medlemskap i andre organisasjonar

Laget er medlem av landslaget for lokalhistorie. Gjennom dette medlemskapet får laget tilsendt Lokalhistorisk magasin og Heimen.

Årsmøte

Det vart halde årsmøte 8. mars 2015 på Amtskontoret. Rekneskap og årsmelding vart samrøystes godkjende.

Andre møte

Styret har hatt møter etter behov. Leiaren og nestleiar har delteke i fleire møter med kommunen både når det gjeld Leikanger kommune sin kulturminneplan og planlegginga av Hårfagreparken. Sogelaget var med å arrangere folkemøte om kulturminneplanen. I tillegg har det vore møter knytt til skiltprosjektet som sogelaget tek del i saman med Opplev Leikanger og kommunen. Systrond sogelag la fram planane om Hårfagrepark i Strandavegen i kommunestyret våren 2015.

 

Leikanger 29.03.2016

Kjell Arne Valvik (leiar)                  Knut Hennig Grepstad (nestleiar)             Sigrun Espe (nettansvarleg)

Kjerstin Risnes                    Marit Velle                         Marit Anita Skrede

Teaterstykket «Frå landevegen» – historietime i Leikanger kyrkje

Få med deg ein annleis historietime med Det Norske Teateret og stykket «Frå Landevegen».

Gjertrud Jynge

Gjertrud Jynge og musikar Espen Leite. Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret

Søndag 8.november kan vi få med oss ei heilt spesiell teaterframsyning i Leikanger kyrkje. Denne kvelden vil lokal og nasjonal historie møtest nettopp her. Jakob Walnum var sokneprest i Leikanger frå 1884-1896. Han var ein entusiastisk og svært sosialt engasjert prest, kanskje mest kjend her i bygda for å ha etablert Sogns Barneheim.

Denne kvelden fortel tippoldebarnet hans, skodespelar Gjertrud Jynge gjennom song, musikk og bilete den nasjonale, men lite kjende historia om arbeidet hans med å redde dei stakkars små barna for Gud og tvangsfornorske taterfolket. For dette arbeidet vart han høgt æra i samtida, men langt meir omdiskutert i vår tid. Synet på kva som er rett og galt skiftar, og i år har både statsministeren og Kirkens Sosialteneste offentleg bede taterane om orsakining for den brutale fornorskingspolitikken staten og kyrkja stod bak heilt fram til vår tid.

Sogelaget har gitt støtte til arrangementet som Fylkesarkivet og soknerådet står bak. Vi ser på dette som ein viktig og annleis historietime, formidla på ein spesiell måte og på ein spesiell stad.
Velkomne !

Billettar kan tingast på Fylkesarkivet, epost: kjerstin.risnes@sfj.no eller kjøpast i kyrkja. Pris kr 100.

Følg med på Facebook for oppdateringar.

Avduking av minnestein og opning av Hårfagreparken

Ordførar Olav Lunden opna Hårfagreparken

Denne teksten er basert på talen ordførar i Leikanger kommune, Olav Lunden, heldt ved opninga.

Kong Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike.

Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagre-ætta i Noreg. Den minnesteinen vi i dag skal avduke i Hårfagreparken er reist på den gamle kongsgarden Husabø.  Les meir

Fruktbare dagar 2015

Kulturhistorisk vandring i sentrum

Systrond sogelag vil invitere til ei kulturhistorisk vandring i sentrum laurdag 15. august kl 16.30.

Laurdag arrangerer Leikanger kommune og Opplev Leikanger gatefest og offisiell opning av ny gate og plass i sentrum. I samband med dette vil sogelaget ved Knut Henning Grepstad og Per Holen guide og fortelje om sentrumsutviklinga i eit historisk perspektiv.

Vil du vere med? Møt opp ved gamlehotellet kl 16.30.