Kategoriarkiv: Sogelagsarbeid

Nytt nummer av Systrendingen

På nytt er sumaren over oss att. Det gjekk fort frå jul til sumar i år også! Noko varme har me i skrivande stund hatt lite av, men det er berre å vera optimist! Medan me ventar, kan du kosa
deg med litt lokalhistorisk stoff.

Siste utgåva av Systrendingen er no på veg ut til alle abonnentane. Det er også mogeleg å kjøpe bladet på Små Livsgleder (bokhandelen) i første etasje i Saften på Hermansverk. Ønskjer du å få bladet i postkassen to gonger i året? Teikn eit årsabbonement på denne sida: Systrendingen.

I dette nummeret er det fire av dei mest trufaste skribentane som har boltra seg med ulikt
Systrondsstoff. Fyrst ut er Henning Rivedal som saman med svigerfar Kåre Risnes har dukka ned i ulike brønnar rundt om i kommunen. Me får historia til vassforsyninga i kommunen frå Kåre Risnes tok til å jobba i Leikanger kommune i 1959 og fram til han slutta i 1989.

Per Olav Bøyum, privatarkivar hjå Fylkesarkivet, presenterer oss for ei interessant brevsamling frå Gjerde. Breva er skrive av bergensaren Johan Nordal Rolfsen, som flytte til Gjerde i 1856. Rolfsen har skrive ei rekke brev til godseigar Hans K. Heiberg i Amla. Her får me innblikk i og kunnskap om mellom anna båtar og kommunikasjonsproblem på sjøen, men også arbeid og daglegliv i Gjerde. Og om bjørnen som var så glad i griser.

Kor mange kjenner til historia om bankranet på Leikanger? Knut Henning Grepstad tek oss med tilbake til slutten av 1800-talet, då denne dramatiske hendinga rysta bygda. Knut Henning fortel også historien om då det vart diskutert kor vidt Tinghus 1 skulle byggast med ungkarshyblar på loftet.

Og har de høyrt om Palnabjørka? Denne bjørka stod eit stykke innom Skrivareiki, rett ovanfor riksvegen. Bjørka vart freda i 1924, men måtte fellast i 1975 på grunn av vegarbeid. Hermund Kleppa fortel historia om bjørka.

I Kest vart dei ao, har me denne gongen fått refleksjonar frå tida på Systrond frå ekteparet Brit Olin og Jan Per Styve.

Med ynskje om ein god og varm sumar til alle lesarane våre!

Marit Anita Skrede
Redaktør for Systrendingen

 

Årsmøte Systrond sogelag 2017

Lite, kvitt hus.

Amtskontoret

Det blir halde årsmøte i Systrond sogelag onsdag 5. april 2017 kl 19.00 på Amtskontoret ved Fylkesmannsgarden/Nybø barnehage.

Underliggjande dokumentasjon for dei enkelte sakene vil bli utdelt på møtet.

Saksliste:

  • Sak 1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Sak 2. Årsmelding
  • Sak 3. Årsrekneskap 2015
  • Sak 4. Medlemskontingent og bladpengar Systrendingen
  • Sak 4. Val
  • Sak 5. Ymse

Saker til Årsmøtet, må være styret i hende innan 3. april 2017.

Leiar og kontaktperson: Kjell Arne Valvik, leiar@systrondsogelag.no, mob: 406 12 120

Bilete av teksten "Amts Contoir" i gullbokstavar på raudt, ovalt skilt.

«Amts Contoir»

Endring og utvikling i Systrond

na

Historisk og moderne flyfoto frå Leikanger. Skjermdump frå NRK

Leiar i Systrond sogelag, Kjell Arne Valvik, var lokal guide når NRK kom på besøk for å jobbe med eit lokalhistorisk prosjekt.

«Ved hjelp av lokalhistorikarar og historielag ynskjer vi å presentere bilete som viser utviklinga for ei lang rekkje kommunesenter og vekststader frå det vakre fylket vårt«, seier NRK på si heimeside. NRK samanliknar gamle flyfoto frå Kartverket og nye flyfoto. I artikkelen kan ein både lese om og sjå bilete frå Sogndal, Hermansverk, Gaupne, Øvre Årdal og Høyanger.

«Til liks med mange andre sentrumsstader er den mest dominerande endringa knytt til overgangen frå landbruk til sentrumsfunksjonar og andre næringar«, seier Valvik. «Kulturlandskapet er i endring, og det er særleg det sentrumsnære kulturlandskapet som har vore under sterkt press.»

Les heile teksten og sjå bilete på nrk.no.

Avduking av skilt og bygdevandring

Søndag 2. oktober vert det seremoniell avduking av dei nye informasjonsskilta i Leikanger, samt guida bygdevandring.

Møt opp på Sognefjord hotel søndag kl 13.30 for å få med deg avdukinga ved ordførar Jon Håkon Odd. Etter dette vert det bygdevandring forbi Borggarden, via Riverdalen opp på Gjerde og over til Njøs. Guide er Knut Henning Grepstad frå Systrond sogelag. Den guida turer varer om lag ein time.

skiltprosjekt-harfagreparken

Jan Erik Lie (Leikanger Fjordhotell), Knut Henning Grepstad (Systrond Sogelag) og Roar Werner Vangsnes (Opplev Leikanger) viser fram skiltet ved Hårfagreparken som blei sett opp i fjor. Dei nye skilta vil vere nokolunde like, berre ståande på eit høgare stativ.

Årsmelding for 2015

Aktivitetar og tiltak

Kulturminneplan for Leikanger kommune

Leikanger kommune har starta arbeidet med kulturminneplan. Sogelaget vart invitert til å delta i arbeidet. I styringsgruppa for planarbeidet deltek Kjell Arne Valvik, Knut Henning Grepstad og Marit Anita Skrede. Elles er styringsgruppa sett saman av politikarar og administrasjonen i Leikanger kommune. I tillegg har medlemar i sogelaget aktivt teke del i registreringsarbeidet knytt til planen. Det har vore fleire møte i styringsgruppa, og i tillegg folkemøte/arbeidsmøte. Planprogrammet for det vidare planarbeidet, som er utarbeidd av sogelaget i samarbeid med kommunen, er vedteke.

Her er Kjell Arne ute og registrerer kulturminne saman med familien.

Her er Kjell Arne ute og registrerer kulturminne saman med familien.

Hårfagreparken i samarbeid med styringsgruppa og kommunen

Kong Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike. Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagre-ætta i Noreg.

Ordførar Olav Lunden opna HårfagreparkenDen minnesteinen i Hårfagreparken er reist på den gamle kongsgarden Husabø. Bautasteinen som ligg i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø. I området der parken ligg har Husabøgardane hatt båtstøa og nausta i lang tid tilbake.

Initiativtakar til parken er Steinar Velle som i lengre tid har hatt stor interesse for mellomalderhistoria på Leikanger og i Sogn. Interessegruppa i starten var Steinar Velle, Erling Eggum og Jan Erik Lie, med utgangspunkt i at Erling Eggum ville stille tomta i Strandavegen til disposisjon for parkføremål.  Stor takk til Erling Eggum som har gjeve tomta i gåve til parkføremålet vederlagsfritt.

Når det viste seg at det var tilgjengeleg tomt til føremålet på Husabø bad Steinar Velle om at Systrond sogelag tok over prosjektet og vidareførte dette fram til parken var ferdig.

Sogelaget har vore ansvarlege for prosjektplanen. Det vart sett ned ei prosjektgruppe sett saman av Kjell Arne Valvik og Knut Henning Grepstad frå sogelaget, Per Holen frå kommunen og landskapsarkitekt Hilde Ruud. I samarbeid med Sogelaget og kommunen har Hilde Ruud på dugnad utarbeidd planskisse for Hårfagreparken. Stor takk til Hilde Ruud som også har hatt ansvaret for utforming  og oppfølging  i byggeperioden.

Byggeleiinga og sjølve opparbeidinga av parken er utført på dugnad av Svein Helge Frækaland og Lars Håkon Seim. Utan deira innsats ville vi ikkje fått etablert Hårfagreparken no. Leikanger kommune har gjeve eit tilskot på Kr 50 000 til opparbeidinga av Hårfagreparken. Sogelaget har søkt og fått Kr 30 000 i støtte frå  Sparebankstiftinga.

Minnesteinene er plukka ut hos Håvard Ølmheim. Teksten på minneplata er utforma av Steinar Velle, medan teksten til informasjonsskiltet er utforma av Steinar Velle, Knut Henning Grepstad, Kjell Arne Valvik og Per Holen. Tor Fotland har gjort jobben med det tekniske på skiltet.

Arbeidet med Hårfagreparken eit døme på at med stor dugnadsvilje og dugnadsinnsats er det mogeleg å realisere nye og spanande prosjekt til glede og nytte både for lokalmiljøet og for tilreisande. Sogelaget vil rette ei stor takk til alle som har medverka.

I samband med opninga av Hårfagreparken vart det halde føredrag på Leikanger Fjord Hotel. Der heldt Marit Anita Skrede ei kort innføring om Husabø i førhistorisk tid. Steinar Velle heldt føredrag om Harald Hårfagre og hans tilknyting til Husabø, Leikanger og Sogn. Det var mange frammøtte. Styret takkar for to flotte føredrag.

Godt oppmøte også på dei lokalhistoriske foredragar på hotellet

Før opninga av parken vart det arrangert bygdevandring frå Leikanger kyrkje og fram til Hanahaug, leia av Knut Henning Grepstad (med sogelaget sin nyinnkjøpte ropert). Det møtte kring 150 personar på vandringa, som var ein stor suksess for sogelaget. På «Fruktbare dagar» hadde også Knut Henning Grepstad og Per Holen ei kulturhistorisk vandring i sentrum der det var vel 20 deltakarar. Sogelaget har også vore ansvarleg for ein av lunsjkafeane på biblioteket.

Logo og Røysanål

På årsmøtet i 2005 vart styret bede om å få utarbeidd logo for laget. Dette arbeidet har styret gjennomført i 2015 i samarbeid med Ørjan Engedal i Arkeoreplika. Engedal har også støypt replika av ei fuglenål i bronse som vart funnen på Røysa. Sogelaget sel denne nåla. Logo og Røysanåla blei  presentert på «Fruktabare dagar» der vi også hadde stand.

Røysanåla

Heimeside

I 2015 har laget fått laga eiga heimeside www.systrondsogelag.no. Det er og etablert ein facebookprofil for laget. Styret vil rette ei stor takk til Sigrun Espe for arbeidet med heimeside og facebookprofil.

Systrendingen nr1 2015_framsideSystrendingen

Marit Anita skrede har redaktøransvaret for Systrendingen. Bladet kjem ut med to nummer i året. Det er omlag 270 abonnentar på Systrendingen. I tillegg vert bladet selt på Leikanger Bokhandel. Styret vil rette ei stor takk til redaktør Marit Anita Skrede og redaksjonsnemnda for eit flott blad. Styret vil også rette ei stor takk til alle som har skrive i bladet. Siste nummeret av Systrendingen har motteke ei rad gode tilbakemeldingar.

Leikangerkalendaren

På grunn av stor arbeidsmengd, i samband med mellom anna Leikanger kommune sin kulturminneplan og planlegginga/prosjekteringa av Hårfagreparken, fann vi ikkje rom for å ta del i arbeidet med Leikangerkalendaren i 2015.

Vidare arbeid

Kulturminneplan for Leikanger kommune

Arbeidet med kulturminneplanen i samarbeid med kommunen og innbyggjarane i kommunen held fram. Sogelaget deltek både i skriving av sjølve planen og registreringsarbeidet. Dette er det prosjektet som vil ha størst fokus og arbeidsmengd for laget i 2016 og 2017.

Marit Velle registrerer Pyttane. Foto: Marit Anita Skrede

Marit Velle registrerer Pyttane. Foto: Marit Anita Skrede

Hårfagreparken

Hårfagreparken vart ikkje heilt ferdig i 2015. Det var nesten eit urealistisk prosjekt å ha parken klar til opning på «Fruktbare dagar». Det var ikkje mogeleg å få levert skiltstativ, benkar og søppelbehaldar til avdukinga  av minnesteinen og opninga av Hårfagreparken, men dette vil bli montert i løpet av våren. Benkar, skilt og søppelbehaldar er komne til Leikanger, og det er planlagt dugnad 8. og 9. april for å få parken klar til «Kjeringi Open». Vi treng nokre personar til frå sogelaget til denne dugnaden.

Når Hårfagreparken er heilt ferdigstilt vil den bli gitt som ei gåve til Leikanger kommune, som då tek over ansvaret for parken.

Skiltprosjektet i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen

Sogelaget tek del eit større formidling-/skiltprosjekt i kommunen. Dette er ei oppgradering og vidareføring av «Fruktstien» som vart etablert på 1990-talet. Dette arbeidet gjer vi i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen, med mellom anna midlar frå Sparebankstiftinga. Ny søknadsfrist om midlar 8. april. 14 av skilttekstane er utarbeidd så langt.

I tillegg tek vi del i eit formidlingsprosjekt knytt til Henjahaugane. I dette prosjektet har kommunen inne søknad om midlar frå Riksantikvaren.

Organisasjon

Tillitsvalde

Styret har vore samansett slik etter årsmøtet 8. mars 2015:

Leiar:
Kjell Arne Valvik.

Styremedlem:
Knut Henning Grepstad (nestleiar)
Marit Anita Skrede (skrivar)
Sigrun Espe (nettansvarleg)
Kjerstin Risnes

Varamedlem:
Marit Velle (fast møtande vara)
Bodil Andersen Strand
Jan Reidar Njøs

Revisor:
Anna Hamre. Magnar Fredheim har mellombels teke over etter Anna sin bortgang.

Valnemnd:
Kolbjørn Nord
Arne Rosenlund

Medlemar

Ved årsskiftet 2015/2016 har laget 73 medlemar. Det har vore ei fin auke frå 47 medlemar ved årsskiftet 2014/2015. Arbeidet med å verve medlemar må halde fram, slik at vi kan få til auka aktivitet i laget.

Medlemskap i andre organisasjonar

Laget er medlem av landslaget for lokalhistorie. Gjennom dette medlemskapet får laget tilsendt Lokalhistorisk magasin og Heimen.

Årsmøte

Det vart halde årsmøte 8. mars 2015 på Amtskontoret. Rekneskap og årsmelding vart samrøystes godkjende.

Andre møte

Styret har hatt møter etter behov. Leiaren og nestleiar har delteke i fleire møter med kommunen både når det gjeld Leikanger kommune sin kulturminneplan og planlegginga av Hårfagreparken. Sogelaget var med å arrangere folkemøte om kulturminneplanen. I tillegg har det vore møter knytt til skiltprosjektet som sogelaget tek del i saman med Opplev Leikanger og kommunen. Systrond sogelag la fram planane om Hårfagrepark i Strandavegen i kommunestyret våren 2015.

 

Leikanger 29.03.2016

Kjell Arne Valvik (leiar)                  Knut Hennig Grepstad (nestleiar)             Sigrun Espe (nettansvarleg)

Kjerstin Risnes                    Marit Velle                         Marit Anita Skrede

Årsmøte

Årsmøtet i Systrond sogelag vart arrangert onsdag 30. mars kl 19.00 i Amtsstova. Dette er styret som skal leie sogelaget det neste året:

Leiar: Kjell Arne Valvik
Styremedlemmar: Kjerstin Risnes, Knut Henning Grepstad, Sigrun Espe og Marit Anita Skrede
Varamedlemmar: 1. Kathrine Røkke Wilson, Bodil Andersen Strand, Jan Reidar Njøs.

Her er Årsmøteprotokoll, årsmelding og rekneskap for 2015.

30 000 kroner i gåve til Sogelaget

Sjå fleire bilete frå dei ulike arrangementa sogelaget var med på under Fruktbare dagar 2015.

 Hårfagreparken 2015

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd ei gåve på kr. 30 000 til Systrond Sogelag. Desse pengane skal gå til å dekke utgifter tll prosjektet Hårfagreparken.

Hovudelementa i prosjektet er formidling av kulturhistoria på Systrond, vidareutvikling av gode møtestader for innbyggarar og tilreisande, samt ei satsing på reiselivet og næringsutviklinga i kommunen.  Les meir

Røysanåla

 

2015-10-03 10.50.54Røysanåla er ei av få fuglenåler som har vorte funne i Sogn frå folkevandringstida (ca 400-570 e.Kr). Den vart funne i ei grav på Røysa i Leikaner.

Systrond sogelag har fått produsert ein kopi av denne flotte nåla i bronse. Er du interessert i å kjøpe denne for kr 600? Ta kontakt med oss.