Skogrydding på gardsgravfeltet på Henjum

Skogrydding på dugnad

Den siste veka har frivillige frå Systrond sogelag, i samarbeid med Leikanger kommune, rydda skog på Henja. Innsatsen har vore stor, og mange traktorlass har vorte frakta vekk. Dette er første ledd i eit større prosjekt – Leikanger kommune har fått midlar frå Riksantikvaren til å skjøtta og formidla dette gravfeltet.

Det står igjen ein god del arbeid, og vi vil gjerne ha hjelp frå fleire frivillige. Kan du bidra? Ta kontakt med leiaren i sogelaget, Knut Henning Grepstad på mobil: 958 00 153

 

Storgarden Henjum

Garden Henjum har vore mellom dei største gardane på Vestlandet. Skriftlege kjelder fortel oss at Henjum var ein storgard i mellomalderen og seinare. Eiga kyrkja i mellomalderen vitnar om kor mektig garden var. Klyngetunstrukturen på garden er enno intakt. Henjum og nabogarden Røysum var mektige også i jarnalderen.

Innhaldsrikt gravfelt

Gravfeltet Henjahaugane med minst 10 gravhaugar ligg ovanfor klyngetunet. Fire av desse ligg svært synleg framme på kanten. Dei har eit søkk i toppen, noko som viser at dei har vore plyndra. Arkeologar har ikkje undersøkt Henjahaugane. Truleg har gravfeltet vore større, og kan ha strekt seg både nord- og austover. Lenger aust ligg ei stor grav som kan ha vore del av det same gravfeltet. Nord for Henjahaugane er det også funne restar av ei grav. I denne vart det funne eit hestebissel, sverd og skiferbryne. Alle dei kjende gravene frå Henjum er truleg frå jarnalderen.

Rike kvinnegraver

Teigane til gardane Henjum og Røysum ligg om einannan. Dette tyder på at dei ein gong var ein gard som seinare vart delt. Også på Røysum er det mange kjende gravminne frå jarnalderen. Ein del av desse er arkeologisk undersøkt. Undersøkingane viste at gravene var rikt utstyrte, og fleire av dei er rike kvinnegraver frå folkevandringstida (400-550 e.Kr). Dette kan forklarast med at Henjum og Røysum har fått rikdomen sin frå omfattande stølsdrift i eldre jarnalder. Dette var ein aktivitet som for ei stor grad var styrt av kvinner. Oppe i fjellet, knytt til gardane Henjum og Røysum, ligg eit av dei største tufteanlegga frå jernalder i Norge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *