Den 11. 12. 2024 inviterte Skald forlag og Systrond Sogelag til innhaldsrik kveld med bokslepp for den nye boka til forfattar og journalist Rune Timberlid: Slaget ved Fimreite – På sporet av fjordens løyndomar. Boksleppen vart halden på Leikanger Fjord Hotel
Timberlid heldt foredrag der han fortalde om gamle og nye funn i fjorden og i strandsona. I samband med bokprosjektet vart det utført omfattande undersøkingar i fjorden ved Fimreite. Det var særleg steinar som kan ha blitt nytta som kastevåpen, metallrestar og spor etter langskip dei søkte etter. Sogelaget anbefaler på det varmaste å lese boka (om du ikkje allereie har gjort det, skal seiast).
Paneldebatt
Etter presentasjonen av boka var det paneldebatt der ein mellom anna drøfta følgjande spørsmål: På kva måte kan vi utnytte slaget ved Fimreite i marknadsføring av Sogn som destinasjon?
I panelet deltok Rune Timberlid, Rune Haug, lokalpolitikar og siderprodusent, Tobias Dale frå Opplev Leikanger og ordførar Stig Ove Ølmheim.
Rune Timberlid meinte at rullegardina må opp og slaget ut av gløymeboka slik at historia om slaget får den merksemd det fortener. Det kom ein rekke innspel frå panelet og salen om korleis ein kunne få dette til.
Forslag til aktuelle tiltak:
- Flytte minnesteinen til Fimreite,
- Etablere ei stifting med solid kapital,
- Styrke marknadsføringa,
- Skilt/ informsjonstavler i nærområde, på Leikanger og i Sogndal.
- Auka involvering av det offentlege og andre organ?
- Besøkssenter
- Sogespel
- Markering av datoen for slaget den 15. juni.
- Mellomalderløype i regionen – med stavkyrkjene.
- Filmar/ animasjonar.
- Hente erfaringar frå andre slag – kva gjer dei?
Visit Sognefjord hadde slik helsing:
«Visit Sognefjord er sers takksam for at denne boka er skreve, den vil gi eit viktig bilde av slaget på Fimreite og vår viktige vikingkultur i Sogn. Visit Sognefjord vil bruke innhaldet i boka i vår marknadsføring av regionen både mot den norske- og utanlandske marknaden. Vikinghistoria er viktig for reiselivet.
Fimreite har so mykje historie, at her bør både kommune og VFK lage eit historisk prosjekt som munnar ut i ein flott attraksjon der ein formidlar historia om slaget.»