Gode systrendingar og systrondsvener! Vi har gleda av å melde at første nummer av Systrendingen 2026 er ute – endeleg! Litt på etterskot, men den som ventar på noko godt, osb.
I dette nummeret skal de få lesa ei spanande soge om morda på Olsen Hotell på Hanahaug. Vi får eit portrett av Bakk-Ola som mange av oss hugsar som ein triveleg og aktiv person i bygda. Ungdomshuset vårt, Leikvang, fyller 100 år og har i desse hundre åra vore ein viktig samlingsstad. Les om, og sjå foto av, ein flott hundreåring! Og litt om det nyrestaurerte Saften får vi òg!

God lesnad!