Merkelapp-arkiv: skiltprosjekt

Hanehaug

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.

Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.

Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger.

Leikanger kyrkje er frå om lag 1250.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Hamre

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Hamre er ein av dei fem eldste gardane og klyngetuna på Leikanger. Garden kan langt tilbake ha vorte utskild frå Husabø, litt lenger aust.

Namnet kjem frå naturen: garden med mange hamrar som stikk opp, heilt frå fjord til fjell. Det er i dag fem bruk på Hamre – på det meste var det åtte.

Hamre var truleg ein av hovdinggardane på Leikanger med eiga kyrkje i mellomalderen, truleg bygd kring 1200. Kyrkja låg på Hamreneset med utsikt til dei 3 andre kyrkjene på Leikanger.

Grønsaker og bær vert tidleg modne på Hamre. Leikanger er kjend som ei god frukt- og bærbygd. På Hamreneset ligg eit fruktlager.

I området er det funne graver frå eldre og yngre jarnalder. I ein hage står det ein 2,5 meter
høg bautastein.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Grinde – Engesæter – Huke – Holum

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Grinde var ein av dei 5 gamle storgardane på Leikanger. Storgarden Grinde vart etter kvart oppdelt i fem gardar. Gardshusa var samla i eit klyngetun fram til 1875. Lenger oppe ligg Engjasete med to gardar, opphavleg Grinde sin støl. Namnet Grinde på vestsida kjem av grind – grindegjerde, eit avgrensa nattområde for dyra.

Dalen vert kalla Grindsdalen på vestsida og Huksdalen på austsida. Elva var grensa mellom Grinde og Huke, bortsett frå i elveosen. Grinde hadde ein plassmann og naustplassar på austsida.

Grinde har fleire gravrøyser, mellom anna tre kjemperøyser. Det er funne reiskap og våpen frå steinalder. På Grinde ligg eit av dei nasjonale kulturlandskapsområda i Norge.

Huke og Holum har tre bruk kvar. Holum var lenge klokkargard og skulen låg her. Engjasete er eit fint utgangspunkt for turar til fjella Mælen og Hest.

Grindselva vart bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020. Saman med vatn frå Henjadalen vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Grauthaug

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.

Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra.Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe.

Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk.

Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her.

Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.

Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han levde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Grauthaug var tidlegare ein god plass å fange laks frå laksegilje. Gilja stod på Grauthaug til ut på 1970-talet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Gjerde

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Grenda og garden Gjerde ligg mellom Njøsaelvi og Henjaelvi. Elvene kjem frå Njøsadalen og Henjadalen, dalføre med fint turterreng.

På Gjerde møtest tre vegar, og dette området er difor kalla Trisparvollen. Ein veg går mot aust over Njøs til Nokkaneset, ein går ned Gjertrudbakken til Hermansverk og ein går nordover gjennom Hagane mot bustadområde, gardsbruk, barneskulen, idrettsplassen og ski- og friluftsområdet Kleppa.

Kommunen har rike landbrukstradisjonar med gode vekstvilkår, godt klima og store utmarksområde. Husdyrhaldet var kombinert med frukt og bærdyrking. Sauehald har lange tradisjonar. I Gjerde ligg ein av få gardar som framleis har både frukt- og bærdyrking og husdyrhald. I eit samarbeid mellom brukarar på Gjerde og forskarmiljøet på Njøs vart det utvikla nye dyrkingsmetodar for bringebær.

Sygna Ullvarefabrikk ved Henjaelva, oppstarta i 1915, hadde mange industriarbeidsplassar fram til den vart nedlagd i 1982. I området er det jordbruk, verkstad og visnings- og serveringsplassen «Villmarka».

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Layout: IHP as – Leikanger

Henjaelvi – ein kraftressurs

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. – Sjå skilt på grindar.

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. – Sjå skilt på grindar.

Avrenning frå fleire fjellvatn og brearmen over Henjadalen dannar Henjaelvi som renn gjennom bygda ned til Sognefjorden. Ved Nyastølen møtes elvane Friksdølao frå Friksdal, Myrdølao frå Myrdal og Trastaonao frå Trastadalen. Lenger ned kjem sideelva Reisetao, frå Fjærlandssete-vatnet. Ved Flotande kjem Skulaonao frå vest. Henjaelvi renn bratt ved Rjukandefossen, deretter breitt nedover Henjadalen, forbi Hagane, bratt mot Lakshøl i Riverdalen og til sist roleg ut i Sognefjorden.

Kraftproduksjon for næringsliv og kommune

Henjaelvi har vore ein viktig vasskraftressurs for gardar og næringsliv gjennom generasjonar. Fleire stader langs elva har det vore vasshjul og slipesteinar, som bøndene brukte til å slipa reiskap som ljå og øks. Det er langs elva også funne møllesteinar, etter ei gamal mølle.

I 1897 starta Larsens Dampfarveri opp med stamping, toving og farging av vadmel og ullteppevev. Stampa blei driven av eit vasshjul. I 1911 blei verksemda flytta til Hagane, tett ved fossen. I 1913 tok Sygna Uldvarefabrik over verksemda og bygde også eit eige kraftverk. Kraftverket var på 15 hk og hadde 13 lysabonnentar. 3 kw av energien vart nytta til lys, 4 til varme og 2 til industri. Verket var i drift fram til 1943.

I 1917 etablerte også HM Knutsen sitt eige kraftverk i Henjaelvi. «Hermansverk Elektroverk» låg nær utløpet til Henjaelvi. Kraftverket var på 65 hk og hadde 40 lysabonnentar. 10 hk av energien vart nytta til lys, 15 til varme og 95 til industri. Kraftverket forsynte mellom anna sildehermetikkfabrikken til HM Knutsen, og saft- og syltetøyfabrikken til Drægni Konserves. «Hermansverk Elektroverk» var i drift fram til 1952 og demninga ved Lakshøl står att som minne.

Det kommunale kraftverket, Leikanger Elektrisitetsverk, blei etablert i 1930. Kraftverket hadde reguleringsmagasin i Store Trastadalsvatnet. Total anleggskostnad var kr. 200 154,41. I tillegg kom reguleringsdam i Trastadalen med kr. 14 352,23. Linjenett vart utbygd for levering til alle abonnentar frå Njøs til Grinde/Engjasete. Første driftsåret var 1931.

Kraftstasjonen vart bygd i Hagane og står endå. Det vert arbeidd med planar om å restaurere kraftverket.

Sognekraft AS har i dag konsesjon til ei samla kraftutbygging i Grindselvi og Henjaelvi. Henjaelvi er også råvasskjelde for drikkevassforsyninga, og ei kraftutbygging tek særleg omsyn til dette. Vassinntaket vert flytta lengst fram i dalen. Kraftutbygging må ta omsyn til Henjaelvi som fiskeelv og populært friluftsområde.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger

Henjaelvi – viktig råvasskjelde

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Henjaelvi – viktig råvasskjelde

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Henjaelvi er hovudvassdraget i Leikanger kommune. Elva renn gjennom heile Henjadalen, deretter gjennom Hagane, passerer Lakshøl og langs Lundene (vest) og Riverdalen (aust). Henjaelvi renn ut i Sognefjorden, midt i sentrum.

Vasskjelde for innbyggjarar og næringsliv

Elva har i generasjonar sikra drikkevassforsyninga, gitt jordbruket vatningsvatn og sikra vatn til næringsverksemd.

Inntaket til vassverket som leverer drikkevatn er ved bommen i Henjadalen. Sognekraft AS har konsesjon til ei samla kraftutbygging i Grindselvi og Henjaelvi. Kraftutbygginga tek særlege omsyn til drikkevassforsyninga, og vassinntaket vert flytta framover i dalen. Kraftutbygging må ta omsyn til Henjaelvi som fiskeelv og populært friluftsområde.

Grunnlag for industri i Hagane og Riverdalen

Henjaelvi har sidan slutten av 1800-talet vore avgjerande for at industriverksemder har etablert seg langs elva. Elva er viktig også i dag, blant anna for Marine Harvest. Verksemda sitt settefiskanlegg hentar råvatn frå Henjaelvi til yngelproduksjonen.

I 1911 etablerte Larsens Uldspinderi, tidlegare Larsens Dampfarveri, seg tett ved fossen i Hagane. Lokaliseringa var gunstig, nært til vatn og eit fossefall som blei nytta i kraftproduksjon. I 1913 tok Sygna Uldvarefabrik over ullspinneriet og i periodar var det stor aktivitet i Hagane, heilt ut på 1970-talet. På dagar med farging kunne Henjaelvi renne forbi Lakshøl og nedetter Riverdalen i ulike fargetonar: ein dag grøn, andre dagar blå eller raud.

Nær elveosen, i sentrum, låg to andre viktige industriverksemder: Sildehermetikkfabrikken «Silden» og saft- og syltetøyfabrikken «Saften». Sjølv om vatn var ein viktig ressurs i saft- og syltetøyproduksjonen, så brukte ikkje «Saften» vatn frå Henjaelvi. «Saften» hadde si eiga vasskjelde frå det som blei kalla «Drægni-bekken». «Drægni-bekken» i Hagane ga også drikkevatn til fleire bruk i området. For både «Silden» og «Saften» var Henjaelvi derimot viktig vasskraftkjelde. HM Knutsen, som dreiv «Silden», forsynte begge fabrikkane frå eige kraftverk, med namnet «Hermansverk Elektroverk». Demninga ved

Lakshøl står framleis att som minne.

Lakshøl Sølvgrube

Lakshøl har også ei anna spennande historie: I 1880-åra kom folk på sporet av edelt metall og mange leita etter rikdomar i fjell. Alle som hadde skjerpesetel (lisens) kunne leite etter malm. Funn måtte meldast til lensmannen. I Leikangerlensmannen sin protokoll frå 1884, er det registrert funn ved Lakshøl. Etter nokre år med prøvedrift og lovande funn av sølv vart det ikkje noko meir. Kanskje hadde førekomsten for låg gehalt, eller omfanget var for lite til at sølvgruva var drivverdig? Einaste sporet etter Lakshøl Sølvgrube i dag er ei attgrodd og lite tilgjengeleg hole ved Lakshøl.

Fisk og friluftsliv

Henjaelvi er ein lokal ressurs for fiske. Frå elveosen og opp til Lakshøl går det laks og sjøaure. Lengre oppe i elva går bekkeauren, og i fjellvatna finst fjellaure. Fiske etter laks og sjøaure i nedste del av Henjaelvi er uorganisert, medan det høgare oppe er etablert fiskekortordning.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger

Henjaelvi – friluftsliv og fiske

Elvesti: Lakshøl ligg om lag midt mellom Gjerde og sentrum. Her er det sti langs elvekanten og i beitemark. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Området langs Henjaelvi er populært for friluftsliv og fiske. Frå fjorden og eit stykkje oppetter, til hølen «Lakshøl», finst laks og sjøaure. Lenger oppe i elva går bekkeauren og i fjellvatna finst fjellaure.

Vanskelege vilkår for laksen

Laksen i elva er ikkje sjølvreproduserande. Det meste er truleg ei blanding av rømt oppdrettsfisk og feilvandra villaks som stammar frå andre elvar. Henjaelvi vert ikkje rekna som ei viktig lakseelv, men er populær for lokale fiskeentusiastar og er ein inngangsport for mange unge til fritidsfiske som hobby.

Tidlegare var Henjaelvi ei betre lakseelv. Elva gjekk meir i svingar, med fleire mindre hølar der fisken kunne stå. Etter ein storflaum på 1950-talet blei elva retta opp og det blei bygd elveførebygging. Dette har påverka korleis Henjaelvi renn. Elva er brei og flat, og avhengig av god vasstilførsel for at fisken kan stå i småkulpane. Her er også lite sandbotn, noko som gjer gyteforholda vanskelege. I dag transporterer elva mykje stein og lausmassar, noko som er med å hindre laksen frå å vandre oppover frå elveosen.

Ved kraftutbygging er det usikkert om sommarvassføringa vert god nok til at laks og sjøaure nedst i elva framleis vil vere der. Leikanger jakt og fiskelag har sett fram krav om avbøtande tiltak, slik at det også i framtida kan finnast laks og aure i elva.

Bekkeaure og fjellaure

Oppover Henjadalen står bekkeauren i elva sine mange småkulpar. I fjellvatna over Henjelvi finst fin fjellaure, både i Myrdalsvatnet og Trastadalsvatni. Det lokale jakt- og fiskelaget har i fleire rundar sett ut fisk i vatna.

Løyve til å fiske

I fjellvatna er fisket regulert med fiskekort, som kan kjøpast hjå Erling Røysum Sport. Henjelvi er open for fiske frå 15.juni til 31.august, etter løyve frå grunneigar og med betalt statleg fiskeavgift for alle over 18 år.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger

Henjaelvi – med mangfaldige aktivitetar

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum går det ein sti langs elvekanten og i beitemark. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Henjaelvi – hovudvassdrag i Leikanger

Henjaelvi er det største og viktigaste vassdraget i Leikanger kommune. Elva leverer drikkevatn og vatn til næringsverksemd. Sognekraft AS har konsesjon til kraftutbygging i Grindselvi og Henjaelvi. Også tidlegare har det vore kraftproduksjon i Henjaelvi. El-krafta ga straum til industriverksemder og bustadhus langs elva. Henjavassdraget er fiskeførande og eit populært område for lokalt fiske og friluftsliv.

Frå bre til fjord

Henjaelvi byrjar ved Nyastølen. Her møtes elvane Friksdølao frå Friksdal, Myrdølao frå Myrdal og Trastaonao frå Trastadalen. Lenger ned kjem sideelva Reisetao, frå Fjærlandssetevatnet. Nedover mot Flyastølen buktar elva seg roleg på slettene, derettter i småfossar og så mot det rolege partiet Flotande. Her kjem Skulaonao frå vest. Henjaelvi stuper ned Rjukandefossen, renn breitt gjennom dalen og Hagane, så bratt nedover mot Lakshøl i Riverdalen og til sist roleg ut i Sognefjorden.

Vasskjelde

Henjaelvi har i generasjonar gitt folk og gardar drikkevatn og jordbruksvatn. Store Trastadalsvatn, øvst i Trastadalen, er oppdemt og sikrar trygg vassforsyning året rundt. Sommarstid er det også godt tilsig av smeltevatn frå Myrdalsbreen. Inntaket til vassverket er i Henjadalen, ved bommen der køyrevegen endar. Ved kraftutbygging vert inntaket flytta framover i dalen.

Småindustri i Riverdalen og elveosen

Elva leverer jordbruksvatn og vatn til anna verksemd, mellom anna Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Riverdalen. Heilt sidan slutten av 1800-talet har Henjaelvi vore avgjerande for ulik næringsverksemd. I 1897 starta Larsens Dampfarveri opp på Stampekloppi, nær utløpet til Henjaelvi. Med ei stampe driven av eit vasshjul blei vadmel og ullteppevev stampa, tøvd og farga. Verksemda blei seinare utvida og flytta til Hagane.

I 1890 etablerte firmaet HM Knutsen møllebruk og seinare vassag med sagbruk. Firmaet omfatta etterkvart trelasthandel, tønnefabrikk, slakteri, pølsefabrikk, eit privat kraftverk og sildehermetikkfabrikken Knutsen Preserving. Denne blei på folkemunne kalla «Silden» og låg på austsida av Henjaelvi, tett ved fjorden. Fabrikken fekk straum frå «Hermansverk Elektroverk», HM Knutsen sitt eige kraftverk i Henjaelvi.

Eit steinkast unna etablerte H. Drægni, i 1919, konservesindustri. Området blei kalla «Saftvollen», og saft- og syltetøyfabrikken fekk namnet «Saften». «Saften» var eit moderne produksjonsanlegg. Kraft frå «Hermansverk Elektroverk» ga elektrisk lys, dampdrivne maskiner og eit særeige fløytesignal. Når det var matpause blei det slept damp or dampkjelen. Dette ga ein djup lyd og eit pausevarsel, som høyrdest i heile bygda. Heilt fram til 1998 var det juice- og brusproduksjon på «Saftvollen», frå 1980-talet med Lerum Konserves som eigarar. I dag er «Saften» eit viktig kultur- og næringsbygg i bygda.

Fisk og friluftsliv

Henjaelvi er fiskeførande og eit populært område for fiske og friluftsliv. I nedste delen finst litt laks og sjøaure, lengre opp går bekkeauren. Myrdalsvatnet og Trastadalsvatna inst i dalføret har begge fin fjellaure. Fiske i Henjadalen og i fjella er regulert gjennom fiskekort-ordning.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger.

Eitorn

Eitorn, med gardane Vestreim, Eitungjerde, Eitun, Ruud, Hella, Tenningen og Tenningåsen litt inn i Fjærlandsfjorden, var frå før 1900 ei velfungerande grend med 8-10 gardsbruk og 70-80 innbyggjarar. Gamletunet – Eitun, med 4 bruk i 1338 – vart fråflytta i 1965. På husmannsplassen Kvihaugen budde den siste familien frå 1894 til 1999. Eitorn og Hella fekk veg i 1956.

Grenda hadde eigen skule frå 1880 til 1956 med 23 elevar på det meste. Skulehuset på Vestrheim vart allsidig nytta, mellom anna som forsamlingshus, bedehus, ungdomshus og grendahus. Men dans var ikkje lov.

Med eit godt klima var innbyggjarane flinke til å utnytte det dei kunne hausta frå jorda, skogen og fjella. Frukt, bær, grønsaker, kjøt, mjølkeprodukt og laks var dei viktigaste.

Grendi hadde særleg høg kompetanse på fruktdyrking. Dei selde store mengder ved til Bergen og dei laga tønneband.
Det var godt samarbeid og eit rikt sosialt liv i grendi med aktivt lagsarbeid: bondelag, tre misjonslag, fråhaldslag, ungdomslag og kristent ungdomslag, blandakor, skyttarlag og Foreining for redningsskøyta. Grendi hadde meieri, dampskipskai, postkontor, butikk til 1940, ishus, telefonstasjon frå første verdskrig og to gardskraftverk som starta opp i ca. 1935 og 1942. Eiga badstove var i drift frå 1907. Fram til juni 1912 var det registrert 1103 badande som betalte 10 øre for badet. Grendi hadde festplassen sin på 17. maihaugen, rett vest for Kvinnefossen.

Kvinnefossen med 120 meter fritt fall vart freda i 1955. Etter gamalt segn kjem namnet av att ei kvinne vaska tøyet i elvi, fall uti og forsvant i fossen. Ei anna forklaring kan vere att ved ei bestemt vassføring kan ein sjå ein kvinneskikkelse i fossen.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.