Merkelapp-arkiv: skiltprosjekt

Eggum – Fosse – Fosshagen – Valbrekka

Eggum (ca 300 meter over havet) frå før Svartedauden (1349), er den høgstliggande garden på Leikanger. I dag er det fire gardar her. Namnet «egg» tyder fjell eller jordrygg. Fosse, i dag med to bruk, har namn etter fossen i området. Fosshagen nede ved fjorden er ein yngre gard, opphavleg hamnehage for garden Fosse.

Det er fleire gravrøyser og oldfunn i området, m.a. steinøks, båtsaum, sverd og krukke. Frå yngre jarnalder er det funne sverd og spyd. I eit gropeberg er det funne skålforma groper, truleg offergroper som kan vere frå bronsealderen og eldre jarnalder.

Eggum er eit populært område for turar i fjellområda, mellom anna austover til Kleppa, eit anna populært utfartsområde for Leikanger.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Bjørgahaug

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i sogn og fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.
Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær. Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862. Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten.

Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga.

Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene. Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger.

Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Fram til svartedauden kan det ha lege ein gard på Bjørgahaug og i Bjørgadalen, lenger bak.

Bjørgahaug er eit populært turmål.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Baldersteinen

Midt i Husabø står Baldersteinen, ein bautastein på 7,8 meter. Balderseinen er landets høgste bauta. Alle dei norske bautasteinane som er blitt daterte, er sett opp i eldre jarnalder (frå 500 f.Kr. til 550 e.Kr.) og i siste del av vikingtida (800-1050 e.Kr.).

Eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet er utgangspunktet for romanen om Fridjof den Frøkne. Av teksten frå 1300-talet går det fram at det låg eit Baldershov på Systrond. Historikarar har knytt dette hovet til Husabø. Området kring bautasteinen har namnet ”Baldershagen”.

Den høgreiste steinen har truleg lite å gjera med guden Balder. Mest truleg er steinen reist på grava til ein hovding som heldt til her i jarnalderen. I hagen mellom steinen og sjøen er det avdekka eit større gravfelt frå eldre jarnalder. Fleire mindre bautasteinar er funne i samband med dei arkeologiske undersøkingane av gravminna – både på dagens gravplass og ved Syrstrand gartneri.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Amtskontoret

Amtskontoret på Fylkesmannsgarden Nybø er det første kontorhuset på Leikanger. Leikanger er den einaste bygda i landet som er vertsbygd for sentraladministrasjonen i eit fylke. Huset var kontor for amtmannen/ fylkesmannen frå 1862 til 1939. Huset vart reist i 1851 av sorenskrivar Hjorth. I ein branntakst frå 1851 står bygget notert som «Kontoirbygning », oppførd av tømmer på grunnmur med kjellar og teglsteinstak. Huset er 8,5 meter langt, 7 meter breitt og 2,5 meter høgt + loft. Første høgda hadde fire rom + gang og kleskott. Det eine rommet er nemnt som «Kontoirværelset ». I branntakst frå 1863 er to rom slegne saman til eitt og det er to kakkelomnar. Utvendig var bygget bordkledd og «oljemalet». Ei skisse frå 1937 viser to rom, gang og to arkivrom.

I 1939 flytta administrasjonen til nytt Tinghus ved Skrivareika. Det gamle kontoret på Fylkesmannsgarden, det første ”Statens Hus” på Leikanger, har seinare vore lite brukt. Universitetet i Bergen nytta huset i ein periode. Seinare vart huset nytta som bustad for paktarfamilien som stod føre gardsdrifta på fylkesmannsgarden. Frå 1956 har huset stått ubrukt og forfalle.

I 1974 overtok Leikanger kommune den delen av garden som ligg på nedsida av riksvegen, alle husa og festplassen Lunden på oppsida av riksvegen. I 2012 gjekk Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens vegvesen Region Vest saman om å setja Amtskontoret i stand . Huset vart demontert og sett opp att på ny grunnmur omlag 6 meter frå riksvegen.

Det «nye» Amtskontoret vart opna 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fylte 250 år. Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 med namnet Nordre Bergenhus Amt. Nemninga amt vart endra til fylke i 1919, og amtmann til fylkesmann. Frå 1763 til 1862 var amtmannen/fylkesmannen sitt kontor knytta til fylkesmannen sin bustad ulike stader i fylket og i Bergen. Amtmannen/fylkesmannen budde i denne perioden på Kaupanger, seinare for det meste i Bergen. Amtmann J. C. Falsen kom til Leikanger i 1862. Han kjøpte garden Nybø hjå sorenskrivar Hjorth. I 1863 vart Nybø statleg embetsgard.

Foto: Telemark flyselskap 1954 – Utforming: Husabø Prenteverk as, Leikanger

Nye skilt til Leikanger skal lokke folk og betre folkehelsa

– Vi håpar også å driva litt folkeopplysning, ved å vise fram den spanande historia vår.

Det er to engasjerte mannfolk som vil prata om ”skiltprosjektet”, eit prosjekt som starta for nesten tre år sidan.

– Vi hadde 16 skilt som vart satt opp på midten av 90-talet, i regi av Norsk Fruktmuseum. Men dei var nedslitne og utgått på dato, så me innsåg at noko måtte gjerast, fortel Roar Werner Vangsnes.

Som leiar i Opplev Leikanger, er han ein av dei som har engasjert seg i dei nye skilta, på 152×65 centimeter, som skal monterast i området mellom Leikanger og Hermansverk. Etter at vi fekk til eit godt samarbeid med Systrond Sogelag, har det vore stor framdrift i prosjektet.

– Teksten på skilta er basert på dei gamle skilta, men har oppdatert og utvida kunnskap. I tillegg har vi fått til flotte flyfoto, fortel nestleiar i Systrond Sogelag, Knut Henning Grepstad, som nok kan reknast som den største eldsjela i prosjektet.

Les meir