Velkomen til årsmøte i Systrond sogelag

Systrond sogelag ynskjer velkomen til årsmøte onsdag 25. mars kl 17.30. Møtet finn stad på Villmarka.
Etter årsmøtet har me invitert Fylkesarkivet i Vestland til å koma å fortelja om arbeidet sitt og å syna oss det nye arkivbygget. Dei kjem til å utfordra oss tilhøyrarane på korleis me kan bidra. Alle er velkomne til denne innhaldsrike og interessante kvelden der me skal bli betre kjende med Fylkesarkivet!

Program:
17.30 Årsmøte

Vanlege årsmøtesaker (berre medlemer har stemmerett, men alle er
velkomne). Det blir lett servering. Det vil også bli høve til å kjøpa seg noko i baren.

18.00: Fagleg program v/Fylkesarkivet, Vestland fylkeskommune
Kort introduksjon

Foto: Skjermdump frå https://fylkesarkivet.vestlandfylke.no/fotoweb/

18.05 – 18.20: Kva er Fylkesarkivet i Vestland og korleis arbeider vi? (Hedvig og Arnt
Ola)
 
18.20 – 19.00: Korleis får ein tilgang til arkiva (Hedvig og Arnt Ola)

  • Dei nasjonale fellesløysingane (Arkivportalen og Digitalarkivet) (Hedvig)
  • Web-arkiva til fylkesarkivet (Hedvig)
  • Kringom (Kunnskap om Vestland) Arvtakaren etter Kulturhistorisk leksikon og
    Grind (Arnt Ola)
     
    19.00 – 19.15: Kva hjelp treng vi frå dykk? (Hedvig og Arnt Ola)
    19.15 OMVISING: Vi går i samla flokk bort til det nye arkivbygget i Hagane
     
    19.30 – 20:00: Omvising i det nye arkivbygget (Arnt Ola og Hedvig)
    Frå Fylkesarkivet kjem:
    Hedvig Ølmheim: Rådgjevar foto – vern og formidling
    Arnt Ola Fidjestøl: Seksjonsleiar, seksjon arkiv (Avdeling for Kultur og folkehelse)