Henjaelvi – friluftsliv og fiske

Elvesti: Lakshøl ligg om lag midt mellom Gjerde og sentrum. Her er det sti langs elvekanten og i beitemark. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Området langs Henjaelvi er populært for friluftsliv og fiske. Frå fjorden og eit stykkje oppetter, til hølen «Lakshøl», finst laks og sjøaure. Lenger oppe i elva går bekkeauren og i fjellvatna finst fjellaure.

Vanskelege vilkår for laksen

Laksen i elva er ikkje sjølvreproduserande. Det meste er truleg ei blanding av rømt oppdrettsfisk og feilvandra villaks som stammar frå andre elvar. Henjaelvi vert ikkje rekna som ei viktig lakseelv, men er populær for lokale fiskeentusiastar og er ein inngangsport for mange unge til fritidsfiske som hobby.

Tidlegare var Henjaelvi ei betre lakseelv. Elva gjekk meir i svingar, med fleire mindre hølar der fisken kunne stå. Etter ein storflaum på 1950-talet blei elva retta opp og det blei bygd elveførebygging. Dette har påverka korleis Henjaelvi renn. Elva er brei og flat, og avhengig av god vasstilførsel for at fisken kan stå i småkulpane. Her er også lite sandbotn, noko som gjer gyteforholda vanskelege. I dag transporterer elva mykje stein og lausmassar, noko som er med å hindre laksen frå å vandre oppover frå elveosen.

Ved kraftutbygging er det usikkert om sommarvassføringa vert god nok til at laks og sjøaure nedst i elva framleis vil vere der. Leikanger jakt og fiskelag har sett fram krav om avbøtande tiltak, slik at det også i framtida kan finnast laks og aure i elva.

Bekkeaure og fjellaure

Oppover Henjadalen står bekkeauren i elva sine mange småkulpar. I fjellvatna over Henjelvi finst fin fjellaure, både i Myrdalsvatnet og Trastadalsvatni. Det lokale jakt- og fiskelaget har i fleire rundar sett ut fisk i vatna.

Løyve til å fiske

I fjellvatna er fisket regulert med fiskekort, som kan kjøpast hjå Erling Røysum Sport. Henjelvi er open for fiske frå 15.juni til 31.august, etter løyve frå grunneigar og med betalt statleg fiskeavgift for alle over 18 år.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *