Systrond sogelag ynskjer velkomen til årsmøte onsdag 25. mars kl 17.30. Møtet finn stad på Villmarka.
Etter årsmøtet har me invitert Fylkesarkivet i Vestland til å koma å fortelja om arbeidet sitt og å syna oss det nye arkivbygget. Dei kjem til å utfordra oss tilhøyrarane på korleis me kan bidra. Alle er velkomne til denne innhaldsrike og interessante kvelden der me skal bli betre kjende med Fylkesarkivet!
Program:
17.30 Årsmøte
Vanlege årsmøtesaker (berre medlemer har stemmerett, men alle er
velkomne). Det blir lett servering. Det vil også bli høve til å kjøpa seg noko i baren.
18.00: Fagleg program v/Fylkesarkivet, Vestland fylkeskommune
Kort introduksjon

Foto: Skjermdump frå https://fylkesarkivet.vestlandfylke.no/fotoweb/
18.05 – 18.20: Kva er Fylkesarkivet i Vestland og korleis arbeider vi? (Hedvig og Arnt
Ola)
18.20 – 19.00: Korleis får ein tilgang til arkiva (Hedvig og Arnt Ola)
- Dei nasjonale fellesløysingane (Arkivportalen og Digitalarkivet) (Hedvig)
- Web-arkiva til fylkesarkivet (Hedvig)
- Kringom (Kunnskap om Vestland) Arvtakaren etter Kulturhistorisk leksikon og
Grind (Arnt Ola)
19.00 – 19.15: Kva hjelp treng vi frå dykk? (Hedvig og Arnt Ola)
19.15 OMVISING: Vi går i samla flokk bort til det nye arkivbygget i Hagane
19.30 – 20:00: Omvising i det nye arkivbygget (Arnt Ola og Hedvig)
Frå Fylkesarkivet kjem:
Hedvig Ølmheim: Rådgjevar foto – vern og formidling
Arnt Ola Fidjestøl: Seksjonsleiar, seksjon arkiv (Avdeling for Kultur og folkehelse)





