Sogelags quiz’ – betre enn Sogn Avis quiz’?

Systrendingen – perfekt lektyre med svar på quiz’ i sommarvarmen!

Kven var hallingdølen Svein Ellingson Haugen? Kor er Baldersgrovi? Kven fann opp skivestativ! Kven skaut amtsmannen sin hund? Kor gamle er portretta på nordveggen i Leikanger kyrkja? Kvifor må Korea-namnet stå? Kor mange «ættegardar» har vi på Leikanger? Og ikkje minst – kva ligg på botnen i Norafjorden ved Fimreite?

Svara finn du i Systrond Sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.
Systrendingen får du kjøpe på «Små livsgleder» på Saften.

Årsmøte Systrond Sogelag

Årsmøtet i sogelaget vert 30. mars kl. 19:00 på Leikanger Fjord Hotel. Det vert vanlege årsmøtesaker, men også eit spennande føredrag med arkeolog Therese Nesset.

Kl. 19.00 – Årsmøte med vanlege årsmøtesaker:

  • Sak 1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Sak 2. Årsmelding 2022
  • Sak 3. Årsrekneskap 2022
  • Sak 4. Val
  • Sak 5. Ymse

Kl. 20.00 (ca) – Fagleg føredrag

Med arkeologen sine auger på gardar og gardsliv på Leikanger i mellomalderen (1030 – 1537)

Leikanger er ei tradisjonsrik jordbruksbygd med godt klima, gunstig temperatur, store fjellvidder og mykje sol. Her er det såleis gode vilkår for landbruk.

Therese Nesset. Foto: Per Underhaug

Arkeologen Therese Nesset tek oss med inn i dagleglivet til bøndene på Leikanger i mellomalderen. Ho vil drøfte korleis gardslivet på Leikanger kan ha vore i perioden.

Therese har ein doktorgrad i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen. I doktorgradsprosjektet studerte ho ulike sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøve med utgangspunkt i fem arkeologiske undersøkte gardar på Vestlandet. Avhandlinga er publiser på Bora.no

Therese er oppvaksen og busett på Leikanger. No jobbar ho som førstekonservator ved Musea i Sogn og Fjordane. Arbeidsplassen er De Heibergske Samlinger på Kaupanger.

Del av framsida til Systrendingen nr.2 2022

Systrendingen 30 år i år

30. årgangen av Systrond Sogelag sitt eige sogskrift kan no plasserast i bunken for julelitteratur. Bladet har gjennom 30 år sett fokus på kulturhistoria til bygda vår, som spenner frå dei første spor etter menneskeleg aktivitet heilt opp til vår tid. Jubileet vert markert med nokre tilbakeblikk til det fyrste nummeret av Systrendingen som kom ut i 1993. Denne siste utgåva byr i tillegg på mange nye godbitar.

Du kan mellom anna lese om det tragiske tapet av eldhuset frå 1700-talet på Leikanger prestegard som brann ned i november. Ein viktig del av prestegarden, og miljøet rundt den flotte kyrkja vår er borte.

Du få også lese historia om Bedehuset, det vel 100 år gamle gudshuset i Husabø. Det er gjort mange dykk i bedehusstyret sine møtebøker og bilete har vorte samla inn. Ei liste med viktige årstal, frå første tankar om  bedehus i 1889 til huset vart seld til private i 2013, gjev eit fyldig innføring i bedehuset si historie, bruk, økonomi og innreiing.

I år er det 20 år sidan vegen til sjukeheimen på Ohnstadhaugen med sine imponerande steinmurar vart bygd. Hermund Kleppa fortel om vegbygginga, og om då vegen vart høgtidleg opna av dåverande ordførar, Rolf Nesheim.

Bilete av veg.
Foto: Hermund Kleppa

Systrondsjenta Aud Talle (1944-2011) voks opp på Hamre. Ho reiste ut og utdanna seg til sosialantropolog. Fleire av prosjekta hennar hadde fokus på ulike tilhøve i Afrika. Aud var gift med svenske Stig Holmqvist, og saman skreiv dei fleire bøker. Stig har skrive deira felles historie til oss lesarar av Systrendingen. Historia går frå dei møttest i Tanzania i 1971 og til Aud døydde i 2011.

I førre nummer av Systrendingen fekk me historia om vårt eige forlag, Skald, ført i pennen av Henning Rivedal. Denne gongen får me presentert heile lista over bøker som Skald har gjeve ut. Det er ei imponerande lang liste over utgjevingar frå starten i 1993 til i dag. Lista er eit nyttig oppslagsverk når du lurer på kva Skald har gjeve ut, og når.

Systrendingen er super som julelektyre og gjer seg godt som gåve under juletreet.

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Brann på Leikanger prestegard

Det gamle eldhuset på Leikanger prestegard brann ned i morgontimane søndag 20. november. Dette var ein av fem bygningar på den flotte prestegarden, som er eit av bygdas viktigaste kulturminne.

Det er eit tap for lokalsamfunnet, for Sogndal kommune og for Kyrkja i Sogndal. Systrond Sogelag vil understreke kor viktig det er at prestegarden vert teke godt vare på i framtida.

Les meir om saka i Sogn Avis (https://www.sognavis.no/eldhuset-fra-1700…/s/5-115-901473) og om prestegarden på Opplysningsvesenets fond – OVF sine sider (https://ovf.no/presteboliger/leikanger-prestebustad).

Kva skjer med Leikanger prestegard?

Systrond sogelag meiner det er naudsynt å stella den praktfulle hagen, og ynskjer ei heilskapleg vurdering av prestegarden.

Ved Leikanger kyrkje ligg den uvanleg grøderike prestegardshagen. Det er ein sjeldan vakker botanisk hage med 5 velhaldne bygningar og fleire eksotiske planteslag. Mange av trea og vekstane i hagen høyrer til på langt sørlegare breiddegrader.

Les meir

Årsmøte og ope møte

Velkomen til årsmøte og ope møte onsdag 2. mars kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.

Det vert først vanlege årsmøtesaker med val. Etter årsmøtet kan du høyre den utflytte systrondsforfattaren Emma Husabø Manin snakke om kvifor ho skriv historiske romanar.

Vi har utfordra Manin til å snakke om korleis det er å skrive historiske romanar, og om korleis oppveksten på Systrond har vore ein inspirasjon.

Les meir

Sommarnummeret av Systrendingen klart for ei kosestund!

Når starta fotballen i Syril? Kor lenge var Peder Rusten lensmann i Leikanger? Kor er Bodlasteinsvatnet og Oksli?  Kvifor heiter det Laggasteinane? Når vart første skyttarlaget skipa på Leikanger?

Vil du ha svara? Dei finn du i i Systrond sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.

Les meir