Pyttane

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Pyttane er livsverket til Eirik Fosse, kalla Bøllamann, og kona Ingebjørg, kalla Bølla. Eirik
fekk kallenamnet sitt etter Bølla. Han var eit arbeidsjarn, evnerik, sterk og uthaldande, nytenkjande med fantasi og skaparevne. Bølla var også eit arbeidsjarn som støtta mannen og deltok i arbeidet.

Dei fekk kjøpt området i Pyttane om lag midtvegs fram i dalen. Her sette dei inn kreftene sine på å rydda og overflatedyrka området. Dei fann nye løysingar på drifta. Bøndene lagra tørrhøyet og lauvet i høyløer. Bøllamann valde ei anna løysing. Han bygde ein liten fjøs. Her fora han sauene sine til forlageret var tomt, om lag ved juletider. Då gjekk han framfor sauene og laga gangveg i snøen, slik at dyra kunne koma seg heim til småbruket i bygda. Og på denne måten låg møka neste vår klar til spreiing frå fjøsen i dalen. Dei andre bøndene, som skulle gjødsla teigane sine i dalen, måtte køyra møka heimanfrå om våren, noko som var særs arbeidskrevjande. Det slapp Bøllamann. Dei bygde etter kvart fleire hus og budde her til seinhaustes og tidleg på vinteren.

Pyttane er eit viktig kulturminne som fortel om slitet med å utnytta resursane i dalen og
korleis driftige folk fann løysingar som letta strevet.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *