Ny kulturmiljøplan for Sogndal kommune

Sogndal kommune lagar ny kulturmiljøplan (tidlegare kalla kulturminneplan) som vil bli ei samanslåing og revidering av dei gamle kulturminneplanane til Leikanger, Balestrand og Sogndal. Dei ynskjer innspel og har utarbeida ei kartteneste som er open for alle, der du kan legge inn forslag til kulturminne eller kulturmiljø du meiner bør vera med i planen: https://www.utfordrarbygda.no/kulturmiljoplan

Skjermdump av framsida av karttenesta ein kan melde inn forslag til kulturminne og kulturmiljø som bør med i kulturmiljøplanen til Sogndal kommune

Systrond sogelag samarbeida med Leikanger kommune med å utarbeida den lokale kulturminneplan.

Den ligg her:

Ein kan også sjå kulturminna i Leikanger i eit digitalt kart: Kulturminneplan for Leikanger.

Les meir på Facebook.

Bilete på Flickr

Vi vil samle bilete av kulturminne i Leikanger kommune og arbeidet med kulturminneregistrering på Flickr. Følg med på Kulturminne Leikanger sin profil.

Har du bilete du vil dele med oss? Publiser direkte til Flickr per e-post: these73between@photos.flickr.com Skriv inn tittel på foto i emnefeltet og skildring og informasjon om fotograf i sjølve e-posten.

Du kan også sende bileta med informasjon på e-post til sogelaget: info@systrondsogelag.no,

Alle bilete som vert sendt til Flickr vert publisert med lisensen cc-by-sa. Dette betyr at andre kan bruke bileta dine fritt utan å betale for det så lenge fotograf vert kreditert.

Fjorden

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *