Årsmøtet valde ny leiar

Årsmøtet for Systrond sogelag2017 vart halde på Amtsstova på Fylkesmannsgarden 14.05.2018 kl. 19.00. Knut Henning Grepstad vart vald som ny leiar for sogelaget.  

Foto: Henning Hellebust, Røde Kors. CC by-sa-nc.

Knut Henning har vore aktiv i Sogelaget sidan skipinga. Han har hatt fleire oppgåver i laget, mellom anna ein periode som leiar. Han kjem no frå vervet som nestleiar. Han er også med i redaksjonen for Systrendingen.

Knut Henning er jurist, oppvoksen i bygda og interessert i lokalhistoria. Han er pensjonert byråkrat med mange års teneste i ulike roller i fylkeskommunen.

Knut Henning kan lettast møtast på e-postadressa khgrepstad@gmail.com eller på mobil: +47 958 00 153

Her er heile referatet frå årsmøtet:Det var 6 frammøtte: Kjell Arne Valvik, Knut Henning Grepstad, Katrine Wilson, Jan Reidar Njøs, Per Holen og Bjørn Sølsnes.

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Innkalling og sakliste vart godkjent.

Sak 2. Årsmelding 2017

Årsmeldinga vart godkjent med nokon rettingar.

Sak 3. Årsrekneskap 2017

Rekneskapet er ført av Laura Kvamme sitt rekneskapskontor i Fjærland. Laget sin valde revisor, Magnar Fredheim, har gått gjennom rekneskapsføringa. Han har føreteke ein kritisk revisjon av rekneskapen, som er ført på ein ordentleg og ryddig måte. Fredheim anbefaler at rekneskapen vert godkjend som laget sitt resultat og balanse for 2017.

Årsmøtet godkjende rekneskapet.

Sak 4. Val

Per Holen frå valnemnda la fram fylgjande framlegg på årsmøtet:

Leiar for eitt år – Knut Henning Grepstad (ny).
Styremedlem for to år – Kjell Arne Valvik (attval), Sigrun Espe (attval).
1. varamedlem (fast møtande vara) for 2 år – Katrine Wilson (attval)

Alle vart samrøystes valde.

Valnemnd: Per Holen og Diana E. Grundt.

Styret vert såleis samansett slik for 2018:

Leiar:
Knut Henning Grepstad – 1 år

Styremedlemer:
Bjørn S. Sølsnæs -1 år
Kjell Arne Valvik – 2 år
Sigrun Espe – 2 år
Marit Anita Skrede – 1 år

Varamedlemer:
1. Kathrine Wilson – 2 år
2. Bodil Andersen Strand – 1 år
3. Jan Reidar Njøs – 1 år

Revisor:
Magnar Fredheim -1 år

Valnemnd:
Per Holen -2 år
Diana E. Grundt –  2 år

Styret vel sjølv nestleiar og sekretær.

Årsmøtet ønskjer at 1. varamedlem møter fast i styremøte.

Ymse

Etter dei ordinære årsmøtesakene vart det noko diskusjonar og orienteringar om vidare arbeid frå årsmeldinga. Det vart det ein lengre diskusjon om bygdebok for Leikanger.

  • Kulturminneplan. Ansvar alle involverte.
  • Skiltprosjekt i samarbeid med Opplev Leikanger og Leikanger kommune. Ansvar Knut Henning Grepstad/Styret.
  • Medlemskveld 4. oktober. Føredrag ved Proffessor Alf Tore Hommedal i Leikanger kyrkje. Tema: mellomalderen på Systrond. Ansvar Styret/Kjell Arne Valvik/Bjørn Sølsnes.
  • Lage årsplan. Ansvar Sigrun Espe, som får med seg ei arbeidsgruppe på dette.
  • Lage strategi for utarbeiding og finansiering av ny bygdebok for Leikanger. Årsmøtet ynskjer at styret prioriterer dette arbeidet med tanke på kommunesamanslåinga i 2020. Ansvar Styret.

Leikanger, 29. mai 2018

Kjell Arne Valvik
referent

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *