Kvinna – det sjølvsagde midtpunkt!

Ei fyldig sommarutgåve av sogebladet vårt, Systrendingen, går rett inn og presenterer framtida. Hermund Kleppa fortel om Kvinnafossen, det geografiske midtpunktet i den nye storkommunen frå 2020. Mykje historie er knytt til fossen og området rundt. Men sentrumspark vert det vel neppe plass til her?

Kor mange veit i dag kor Haonkasteinen, Flækahesten, Nepperthaug eller Ospedåtten er?  No finn du svaret i artikkelen om dei tradisjonelle namna rundt om på Njøsafjellet. Her er mange gode spørsmål til bruk i framtidige quiz-konkurransar.

Aldersheimens Vener har sidan oppstarten i 1961 gjort ein viktig innsats for å lette kvardagen og skape trivsel til pasientane på aldersheimen og sjukeheimen og elles i kommunen. Og aktive bidragsytarar til underhaldninga 17. mai har dei heller ikkje vore redde for å trå til med.

Fiskeslepp i Svartavatnet, Leikanger i mellomalderen, avfallshandteringa si historie, at kommunistane stilte liste ved kommuneval  og planane for tilrettelegging av gravfeltet på Henja  er andre tema. Mykje god sommarlesing. Og inspirasjon til utforskande turar rundt om i kommunen, for å bli kjend med plassane og hendingane som er omtala i Systrendingen.

Dei som ikkje er abonnentar får tak i bladet på Små Livsgleder i Saften.

Vil du bli abonnent? Klikk deg inn på systrondsogelag.no og fyll ut webskjema, eller ta kontakt på systrendingen@systrondsogelag.no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *