Gjerde

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Grenda og garden Gjerde ligg mellom Njøsaelvi og Henjaelvi. Elvene kjem frå Njøsadalen og Henjadalen, dalføre med fint turterreng.

På Gjerde møtest tre vegar, og dette området er difor kalla Trisparvollen. Ein veg går mot aust over Njøs til Nokkaneset, ein går ned Gjertrudbakken til Hermansverk og ein går nordover gjennom Hagane mot bustadområde, gardsbruk, barneskulen, idrettsplassen og ski- og friluftsområdet Kleppa.

Kommunen har rike landbrukstradisjonar med gode vekstvilkår, godt klima og store utmarksområde. Husdyrhaldet var kombinert med frukt og bærdyrking. Sauehald har lange tradisjonar. I Gjerde ligg ein av få gardar som framleis har både frukt- og bærdyrking og husdyrhald. I eit samarbeid mellom brukarar på Gjerde og forskarmiljøet på Njøs vart det utvikla nye dyrkingsmetodar for bringebær.

Sygna Ullvarefabrikk ved Henjaelva, oppstarta i 1915, hadde mange industriarbeidsplassar fram til den vart nedlagd i 1982. I området er det jordbruk, verkstad og visnings- og serveringsplassen «Villmarka».

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *