Henjaelvi – ein kraftressurs

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. – Sjå skilt på grindar.

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum er det sti gjennom beitemark og langs elvekanten. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. – Sjå skilt på grindar.

Avrenning frå fleire fjellvatn og brearmen over Henjadalen dannar Henjaelvi som renn gjennom bygda ned til Sognefjorden. Ved Nyastølen møtes elvane Friksdølao frå Friksdal, Myrdølao frå Myrdal og Trastaonao frå Trastadalen. Lenger ned kjem sideelva Reisetao, frå Fjærlandssete-vatnet. Ved Flotande kjem Skulaonao frå vest. Henjaelvi renn bratt ved Rjukandefossen, deretter breitt nedover Henjadalen, forbi Hagane, bratt mot Lakshøl i Riverdalen og til sist roleg ut i Sognefjorden.

Kraftproduksjon for næringsliv og kommune

Henjaelvi har vore ein viktig vasskraftressurs for gardar og næringsliv gjennom generasjonar. Fleire stader langs elva har det vore vasshjul og slipesteinar, som bøndene brukte til å slipa reiskap som ljå og øks. Det er langs elva også funne møllesteinar, etter ei gamal mølle.

I 1897 starta Larsens Dampfarveri opp med stamping, toving og farging av vadmel og ullteppevev. Stampa blei driven av eit vasshjul. I 1911 blei verksemda flytta til Hagane, tett ved fossen. I 1913 tok Sygna Uldvarefabrik over verksemda og bygde også eit eige kraftverk. Kraftverket var på 15 hk og hadde 13 lysabonnentar. 3 kw av energien vart nytta til lys, 4 til varme og 2 til industri. Verket var i drift fram til 1943.

I 1917 etablerte også HM Knutsen sitt eige kraftverk i Henjaelvi. «Hermansverk Elektroverk» låg nær utløpet til Henjaelvi. Kraftverket var på 65 hk og hadde 40 lysabonnentar. 10 hk av energien vart nytta til lys, 15 til varme og 95 til industri. Kraftverket forsynte mellom anna sildehermetikkfabrikken til HM Knutsen, og saft- og syltetøyfabrikken til Drægni Konserves. «Hermansverk Elektroverk» var i drift fram til 1952 og demninga ved Lakshøl står att som minne.

Det kommunale kraftverket, Leikanger Elektrisitetsverk, blei etablert i 1930. Kraftverket hadde reguleringsmagasin i Store Trastadalsvatnet. Total anleggskostnad var kr. 200 154,41. I tillegg kom reguleringsdam i Trastadalen med kr. 14 352,23. Linjenett vart utbygd for levering til alle abonnentar frå Njøs til Grinde/Engjasete. Første driftsåret var 1931.

Kraftstasjonen vart bygd i Hagane og står endå. Det vert arbeidd med planar om å restaurere kraftverket.

Sognekraft AS har i dag konsesjon til ei samla kraftutbygging i Grindselvi og Henjaelvi. Henjaelvi er også råvasskjelde for drikkevassforsyninga, og ei kraftutbygging tek særleg omsyn til dette. Vassinntaket vert flytta lengst fram i dalen. Kraftutbygging må ta omsyn til Henjaelvi som fiskeelv og populært friluftsområde.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *