Grinde – Engesæter – Huke – Holum

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Grinde var ein av dei 5 gamle storgardane på Leikanger. Storgarden Grinde vart etter kvart oppdelt i fem gardar. Gardshusa var samla i eit klyngetun fram til 1875. Lenger oppe ligg Engjasete med to gardar, opphavleg Grinde sin støl. Namnet Grinde på vestsida kjem av grind – grindegjerde, eit avgrensa nattområde for dyra.

Dalen vert kalla Grindsdalen på vestsida og Huksdalen på austsida. Elva var grensa mellom Grinde og Huke, bortsett frå i elveosen. Grinde hadde ein plassmann og naustplassar på austsida.

Grinde har fleire gravrøyser, mellom anna tre kjemperøyser. Det er funne reiskap og våpen frå steinalder. På Grinde ligg eit av dei nasjonale kulturlandskapsområda i Norge.

Huke og Holum har tre bruk kvar. Holum var lenge klokkargard og skulen låg her. Engjasete er eit fint utgangspunkt for turar til fjella Mælen og Hest.

Grindselva vart bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020. Saman med vatn frå Henjadalen vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *