Hamre

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Hamre er ein av dei fem eldste gardane og klyngetuna på Leikanger. Garden kan langt tilbake ha vorte utskild frå Husabø, litt lenger aust.

Namnet kjem frå naturen: garden med mange hamrar som stikk opp, heilt frå fjord til fjell. Det er i dag fem bruk på Hamre – på det meste var det åtte.

Hamre var truleg ein av hovdinggardane på Leikanger med eiga kyrkje i mellomalderen, truleg bygd kring 1200. Kyrkja låg på Hamreneset med utsikt til dei 3 andre kyrkjene på Leikanger.

Grønsaker og bær vert tidleg modne på Hamre. Leikanger er kjend som ei god frukt- og bærbygd. På Hamreneset ligg eit fruktlager.

I området er det funne graver frå eldre og yngre jarnalder. I ein hage står det ein 2,5 meter
høg bautastein.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *