Harald Hårfagre – Konge i Noreg

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike. Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagreætta i Noreg.

Minnesteinen er reist på den gamle kongsgarden Husabø. Her står framleis også Baldersteinen, ca. 8 meter høg, Noregs høgste bautastein frå jarnalderen. Den bautasteinen som ligg her i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø.

I Husabø er det registrert rike gravminne frå jarnalderen. Fleire av gravminna har vore markerte med bautasteinar. Dette syner at det alt tidleg i jarnalderen har vore samla stor politisk og økonomisk makt på garden.

I området der parken ligg har Husabøgardane hatt båtstøa og nausta i lang tid tilbake.

Foto: Ørjan Talle / Layout: Husabø Prenteverk as

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *