Hella

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.

Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær. Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær
fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862.

Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene. Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Hella fekk veg og ferjekai i 1956.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *