Leikanger / Hanehaug

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leikanger, også kalla Hanehaug, er ein av dei to historiske tettstadane i Leikanger kommune. Hermansverk, dagens sentrum, er den andre. Eit fellesnamn for heile bygda er Systrond.

Leikanger/Hanehaug har tradisjonar tilbake til 1700-talet som handels- og poststad, trafikknutepunkt, skysstasjon og gjestgivarstad. Leikanger Fjord Hotel hadde såleis lange tradisjonar då Gustav Lie kjøpte Olsen hotell i 1920. Vest i fruktbygda ligg Leikanger fruktlager, som tek mot frukt frå Leikanger og Sogndal.

«Det som ikkje veks i Leikanger, veks ikkje i Noreg», vert det sagt. Med ein middeltemperatur på minus 0,8 grader Celsius i januar, pluss 14,8 grader Celsius i juli og årsmiddel på 994 mm nedbør, har Leikanger eit ypparleg klima for varmekjære planter. Det finst sikre spor etter fruktdyrking i området alt frå 1100-talet, men dyrking av frukt for sal vaks ikkje fram før i andre halvdel av 1800-talet.

Frå kaien på Hanehaug har ein god utsikt over kommunen. Ser ein nøye etter, vil ein oppdage at gardane går frå sjøen og opp mot fjellet. Frukthagane ligg opptil 120 meter over havnivået. Den 4 km lange gang- og sykkelvegen mellom Leikanger og Hermansverk er ei fin vandring med utsikt over Sognefjorden. Ein kan også gå langs Strandavegen mellom Hanehaug og Leikanger kyrkje. Her finst spor av eit gamalt strandsitjarmiljø.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *