Leikanger – sagaens Baldershage

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Baldershagen i verket «Fridtjofs saga» frå 1820-talet, som byggjer på islandsk sagalitteratur, kan ha lege i Husabø. Hovudpersonen er vikinghelten Fridtjov den frøkne (djerve). Forfattaren, svensken Esaias Tegnér, skildra Fridtjov som den arketypiske helten, men likevel som reint menneskeleg. «Din like finst ikkje i Noreg», seier kong Ring på Ringerike om Fridtjov og gir han støtte til å erobra Sogn og Hordaland. I Baldershagen finn Fridtjov sin store kjærleik – kongsdottera Ingebjørg. Men faren, kong Bele har lova henne bort og det vart ein lang veg før dei fekk kvarandre.

Fridtjov den frøkne vart gjort udøyeleg i Tegnér sitt verk som var ein gigantisk salssuksess. I 1913 fekk den tyske keisaren, Vilhelm II, reist ei statue av vikinghelten i bronse på Vangsnes.

Sagaen om Fridtjov vart nedskriven på Island på 1300-talet. Handlinga i sagaen er lagd til Sogn på 700-talet. Men kva er historie og kva er dikting? Det er i alle fall sannsynleg at Baldershagen i sagaen låg i Husabø, der bekken Baldersgrovi renn ned mot fjorden og landets høgste bautastein (7,8 meter) står som eit synleg teikn på at Husabø var tilhaldsstad for storfolk. Men ingen veit kven steinen er reist over – og ingen veit akkurat kor kongsdottera i sagaen faktisk budde dersom ho ein gong fanst.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *