Ny leiar i sogelaget

I siste utgåve av Systrendingen finn vi dette intervjuet med den nye leiaren i sogelaget, Kjell Arne Valvik. Henning Rivedal har skrive teksten.

Som namnet tilseier er han frå Flora. Han er 44 år gammal og arkeolog med arbeidsplassen sin i Asplan Viak, gift med redaktør i Systrendingen Marit Anita Skrede, og har ambisjonar når det gjeld Systrond Sogelag.

”Vi må verte fleire medlemmer i laget vårt. Vi må i større grad ta i bruk sosiale media på internett, til dømes eiga facebook- og heimeside for å verte meir synlege”, seier Kjell Arne Valvik. På denne måten blir også kulturhistoria vår meir tilgjengeleg for folk flest. Han tykkjer det ligg godt til rette for å setje seg slike mål no når det vert arbeidd med Kulturminneplanen for Leikanger. Den skal vere ferdig i 2016 og det trengst mange gode medarbeidarar for at planen skal verte ein god reiskap i kulturminnearbeidet i kommunen.

”Eg veit at det er stor interesse for kulturminna i fylkesbygda, så no gjeld det å skaffe oversikt over dei menneskelege ressursar vi må kunne spele på i arbeidet”, legg han til.

Allsidig bakgrunn

Kjell Arne Valvik har arbeidd med kulturminne sidan 1993, mellom anna som sakshandsamar i Hordaland fylkeskommune. Då Statens vegvesen skulle til med fastlandssambandet til Bremanger via Skatestraumen var han med på utgravingane der. Hovudoppgåva hans då han utdanna seg til arkeolog handla om hyllegarden Lee i Vik. Han har vore med på Vestlandgardsprosjektet og vore involvert i arkeologisk arbeid til dømes på Grinde, Ormelid og Havråtunet. Arbeidet som arkeolog i Asplan Viak gjev elles interessante kulturminnefaglege utfordringar i prosjekt over heile landet.

Leikanger er spanande

”Stikkord i arbeidet med kulturminneplanen vår er fjellet og utmarka, bygda og gardane og fjorden”, seier Kjell Arne Valvik. Han fekk for alvor vekt interessa for kulturminne i fjella då han arbeidde i Hordaland fylkeskommune: ”Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på og formidle stølshistoria og bruken av fjellområda. Vi skal fortelje soga om kva folk har levd av, og då er det særskilt spanande å vere leiar i sogelaget på Systrond som er så rik på fornminne i frå ulike epokar. Rikdommen vi til dømes ser her i tidleg middelalder har grunnlag i rike jernaldergardar med åkerbruk og bruken av fjellressursane”.

Her ser også Valvik ein direkte samanheng mot norsk kongesoge. Han har ambisjonar om å få løfta interessa for dette i forskingsmiljøa: ”Eg ønskjer at fleire studentar tek masteroppgåve tilknytt kulturhistoria på Leikanger. Vi har kunnskap om at det som vert kalla marginale gardar i dag, viser at dei vart tekne opp til dyrking like tidleg som dei såkalla sentrale gardane”. I tråd med desse tankane ønskjer Kjell Arne Valvik å hente inn føredragshaldarar frå universitet og høgskular til møtesamlingar i regi av Systrond sogelag.

Leikanger, meir enn ei bygd

Som florøværing som har budd fleire stader i landet, er Kjell Arne Valvik sitt blikk på fylkesbygda meir eit overblikk enn eit blikk prega av heimeblindskap. Det er difor interessant når han kallar tinghusblokka for eit signalbygg.

”Denne blokka er såleis eit av dei viktigaste kulturminna i Leikanger. Eg hugsar til dømes når det var saker i lokalavisa i Florø som galdt fylkeskommunen; då var det så ofte bilete av tinghusblokka som illustrasjon, at dette vart biletet mitt av Leikanger. Når eg såg Tinghusblokka forstod eg med ein gong at det handla om fylket vårt og dei som styrde det”, seier Valvik. Så legg han til at sjølvsagt er blokka bygt på feil stad som næraste nabo til middelalderkyrkja, men slik sett føyar ho seg inn soga om mykje av det som er verneverdig i landet vårt. Det er slikt som gjev gode utgangspunkt for å fortelje historia på ein spanande måte.

”Det er viktig å halde på identitet, også den delen som vert forma av symbolbygga,” legg Kjell Arne Valvik til. Vi illustrerer det med fylkesmann Kari Anne Hamre sine ord i 17. mai talen i år: ””Historia er ikkje nostalgi, det er lærdom for framtida”.

Foto: Kjell Arne er ute og registrerer kulturminne saman med familien. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *