Vi har gleda av å melde at årets andre nummer av Systrendingen er ute! Viss du ikkje er blant oss heldige som får det levert i posten kan du kjøpe utgåva på Små livsgleder på Saften. Men har du lyst på Systrendingen i posten? Send ein mail eller fyll ut skjema, du finn alt ved å klikke deg inn her.
Systrendingen nr 2 – 2025
Systrendingen markerer eit år fullt av jubileum og lokalhistorie. Både ungdomshuset Leikvang og Leikanger mannskor feirar 100 år, og vi får glimt frå historia deira og kva dei har betydd for bygda. Dette nummeret byr òg på ei mimring om musikaren «Dinne», innblikk i opninga av Fylkesarkivet si nye storstove, vi får lesa om Håkon Gjerde sin flukt frå tyskarane under krigen (det stemmer at denne artikkelen også var i førre nummer, men då med eit avsnitt for lite) og eit attsyn med ein tidlegare artikkel publisert i Systrendingen om arkeologiske funn på Husabø. I tillegg kan lesarane gleda seg til forteljinga om breforskaren James D. Forbes sitt opphald på Systrond og historia om «sorenskrivarmarsjen» frå 1883.
Er du ein av dei mange hundre som har dansa brudevalsen til Dinne sine trekkspeltonar? Kanskje du har svinga deg i dansen ein laurdagskveld og venta på at Dinne og Carlson skulle spele «Good night Irene», der du fekk danse tett i tett med kveldens utkåra? Musikk skapar minne.
Dinne – Minner frå fjellet
Laurdag 4.10 kl 19 vil Systrond Sogelag og Pensjonistforbundet i Leikanger inviterer til musikalsk minne- og mimrekveld om Dinne og musikken hans. Familie og gode musikkvener bidreg med ord og tonar, og vi garanterer ein flott laurdagskveld.
Pensjonistforbundet Leikanger arrangerer i samarbeid med Systrond Sogelag ope møte torsdag 8. mai klokka 18.00 i Kyrkjelydshuset.
Knut Henning Grepstad har intervjua 95 år gamle Hans Riise med fokus på hans opplevingar kring frigjeringsdagen. Intervjuet er filma og filmen vert synt på møtet. Etter filmframsyninga vert det lett servering og kaffi.
Systrond Sogelag vil med dette kalla inn til årsmøte på Cafe Herman onsdag 12. mars kl 19. Etter årsmøtet vil Aage Engesæter og Lars Nes fortelja om det pågåande arbeidet med praktboka om Leikanger. Me serverer kaffi og noko lite å bita i. Det vert også høve til å kjøpa drikke i baren.
Sakslista til årsmøtet er som fylgjer:
Sak 1. Godkjenning av innkalling
Sak 2. Val av møteleiar, referent og to til å skriva under møteboka
Sak 3. Årsmelding 2024
Sak 4. Revidert rekneskap for 2024
Sak 5. Vedtak om årspengar
Sak 6. Innkomne framlegg
Sak 7. Val
Innkomne saker kan sendast til info@systrondsogelag.no – Vel møtt!
Årets siste nummer av Systrending er ute, og vi kan melde om mykje spanande innhald:
Framsida av Systrendingen nummer 2, 2024 – gled dykk til god lesnad!
Redaktør Per Olav Bøyum har gitt seg som redaktør for Systrendingen med førre nummer og Systrond Sogelag ynskjer å takke Per Olav for ein strålande innsats! Dorthea Rennestraum Alisøy, som saman med tidlegare redaktør, medlem av redaksjonsnemda og noverande styreleiar i Sogelaget Marit Anita Skrede, har stått som redaktørar for dette nummeret. Vi kan med stor glede melde at Dorthea er ny redaktør for Systrendingen framover. I tillegg har som alltid Knut Henning Grepstad og Henning Rivedal i redaksjonsnemda stått på for å få siste nummer trygt i hamn.
I årets siste Systrendingen får vi fine minneord om ein av bygdas viktigaste kulturpersonar, Odd Njøs, som gjekk bort i år. I første artikkel fortel Hermund Kleppa om ein del av historia til kraftproduksjon på Leikanger, med utgangspunkt i kraftstasjonen på Hagane. I neste artikkel får vi høyre litt om bakgrunnen til kvifor vegkontoret på Leikanger er så stort og fagleg sterkt. Jon Skårhaug og Reidar Tvinnereim fortel om dette, ført i pennen av Terje Eggum. Så får vi lære om Henning Rivedal sitt 80 år lange aktive og fargerike liv, mellom anna som nasjonal kjendis, skrive av Knut Henning Grepstad. Gardsnamnet Holene og stølsnamna Holestølen/Marsete, Massig/Marksig og Gildal kjem så under lupa, og Randi Melvær syner oss kor mykje kunnskap og historie det er å henta frå stadnamna våre. Hermund Kleppa fortset deretter; han har funne spor etter fleire løypestrenger – som det var mange av mellom Hella og Fatla i det mange vil karakterisere som relativt bratte terreng – mellom anna i Henjadalen og i Fatla. Og til slutt spør Johannes Henjum kvar den eine fela til Ole Bull vart av, etter at Knut Jordal på Hanehaug fekk ho. Har du sett ho?
Mykje god lesnad med andre ord! Topp julegåve å få, for dei som ikkje alt har bladet. For dei av dykk som ikkje mottek Systrendingen i posten kan bladet kjøpast hjå Små Livsgleder på Saften. Ynskjer du å abonnere på Systrendingen? Meld ifrå her: https://www.systrondsogelag.no/systrendingen/
Den 11. 12. 2024 inviterte Skald forlag og Systrond Sogelag til innhaldsrik kveld med bokslepp for den nye boka til forfattar og journalist Rune Timberlid: Slaget ved Fimreite – På sporet av fjordens løyndomar. Boksleppen vart halden på Leikanger Fjord Hotel
Timberlid heldt foredrag der han fortalde om gamle og nye funn i fjorden og i strandsona. I samband med bokprosjektet vart det utført omfattande undersøkingar i fjorden ved Fimreite. Det var særleg steinar som kan ha blitt nytta som kastevåpen, metallrestar og spor etter langskip dei søkte etter. Sogelaget anbefaler på det varmaste å lese boka (om du ikkje allereie har gjort det, skal seiast).
Rune Timberlid heldt foredrag for eit svært interessert publikum om resultat frå den rykande ferske boka «Slaget ved Fimreite – På sporet av fjordens løyndomar». Foto: Knut Henning Grepstad
Paneldebatt
Etter presentasjonen av boka var det paneldebatt der ein mellom anna drøfta følgjande spørsmål: På kva måte kan vi utnytte slaget ved Fimreite i marknadsføring av Sogn som destinasjon?
I panelet deltok Rune Timberlid, Rune Haug, lokalpolitikar og siderprodusent, Tobias Dale frå Opplev Leikanger og ordførar Stig Ove Ølmheim.
Rune Timberlid meinte at rullegardina må opp og slaget ut av gløymeboka slik at historia om slaget får den merksemd det fortener. Det kom ein rekke innspel frå panelet og salen om korleis ein kunne få dette til.
Forslag til aktuelle tiltak:
Flytte minnesteinen til Fimreite,
Etablere ei stifting med solid kapital,
Styrke marknadsføringa,
Skilt/ informsjonstavler i nærområde, på Leikanger og i Sogndal.
Auka involvering av det offentlege og andre organ?
Besøkssenter
Sogespel
Markering av datoen for slaget den 15. juni.
Mellomalderløype i regionen – med stavkyrkjene.
Filmar/ animasjonar.
Hente erfaringar frå andre slag – kva gjer dei?
Visit Sognefjord hadde slik helsing:
«Visit Sognefjord er sers takksam for at denne boka er skreve, den vil gi eit viktig bilde av slaget på Fimreite og vår viktige vikingkultur i Sogn. Visit Sognefjord vil bruke innhaldet i boka i vår marknadsføring av regionen både mot den norske- og utanlandske marknaden. Vikinghistoria er viktig for reiselivet.
Fimreite har so mykje historie, at her bør både kommune og VFK lage eit historisk prosjekt som munnar ut i ein flott attraksjon der ein formidlar historia om slaget.»
Systrond Sogelag har stand på Fruktbare dagar. Her kan du kjøpa eldre nummer av Systrendingen, anna lokalhistorisk litteratur, i tillegg til Røysanåla.
Sogelaget har engasjert historikar Aage Engeseter til å utarbeida tekstar til ei populærvitskapleg bok om Leikanger, og Lars Nes vil vera biletredaktør. Mellom kl 12 og 13 er me så heldige å få Lars med oss på standen vår. Har du eit bilete du tenker kan vera med i boka? Ta det med til standen! Det kan vera gamalt eller nytt – eller midt i mellom. Lars vil ta i mot bilete forskån, evt avtala seinare lån av bilete til boka.
Vi har gleda av å melda at Systrendingen 1/2024 kjem for sal fredag 14. juni. Det er godt, då har me helgelektyre. I dette nummeret er det ni artiklar og tematikken spenner breitt. Her kan nemnast at me får ein oppfølgjarartikkel om brannstiftaren(??) på Leikanger, ein får lese om ny kulturmiljøplan for Sogndal kommune og jammen meg får me og lese om makrellstørje på Hermansverk. Og er det slik at det er ei utmarksløe med materialer frå mellomalderkyrkja som stod på Njøs? Dette – og mykje meir – kan Systrendingen by på denne gongen. Vi gler oss!
Gode gamle, nye og framtidige medlem i Systrond Sogelag! Vel møtt skal de vera til årsmøtet onsdag 20. mars kl. 19.00 på Leikanger Fjord Hotel
På programmet har vi vanlege årsmøtesaker og arkeolog Per Christian Underhaug kjem for å orientere om arbeidet med ny kulturmiljøplan for Sogndal kommune.
Og som kruna på verket og prikken over i-en (og rosina i pølsa, for dei som likar det) får vi besøk av historikar Rasmus Sunde som vil kåsere: «Ulikskapar mellom sogningar og sunnfjordingar – litteratur, eiga forsking og observasjonar frå eiga liv». Dette gler vi oss til! Det blir til og med lett servering. Gratis inngang og god stemning!
Eit flott bilete av Baldersteinen og ein lett henslengt ung mann. Bilete er teke omtrent 1900. Fotograf Rolf Fleischer. SFFf-100057.108369
Jula nærmar seg og Systrond Sogelag er klar med nytt nummer av Systrendingen.
Det syner seg at bygda hadde sine kriminelle som rusla rundt nattetider også på slutten av 1800-talet. Men den gongen som brannstiftarar.
Anne Valvik var i åra 1987-2009 den sentrale drivkrafta i marknadsførings firmaet S-info Markedsforum AS, med base på Leikanger. Tolv år gamle Ragnar fann ein bit av Systronds-historia og fotograf Wilse fann mange spannande motiv her. Bautasteinen på Fylkesmannsgarden på Nybø har vore på vandring og Hottadalsnosi – fjellet har fått mange namn.
Sogelaget har teke initiativ til å lage bok om historia om Leikanger i ord og bilete.
«Møtebok åt Leikanger ungdomslag» frå skipinga i 1924 og utover har dukka opp.
Alt dette kan du lese meir om når du går og handlar på Små Livsgleder på Saften eller tek kontakt med Sogelaget.