Ny utgåve av Systrendingen

Andre utgåve av Systrendingen for 2020 er no tilgjengeleg. Er du allereie abonnent, kjem den i postkassa. Ein kan også kjøpe bladet på Små Livsgleder på Saften. Kjenner du kanskje nokon som ønskjer seg Systrendingen i julegåve?

I denne utgåva av Systrendingen er det fleire artiklar som tek føre seg bygningar i bygda. Den fyrste bygningen me får knyta nærare kjennskap til er bustadhuset i Baldershage. Dette huset var opphavleg bygd som lensmannsbustad i 1882. Familien til lensmann Peder Rusten budde der i vel 40 år. No har familien til Karl Husabø budd der i nesten 100 år, og det er Karl som fortel historia om huset.

Tidlegare fylkesmann, Oddvar Flæte, har sett på administrasjonshistoria til Leikanger frå Tinghus 1 var bygd for 80 år sidan og fram til i dag. Han har funne at det frå den tid har vore bygd eit nytt kontorbygg i bygda kvart 6. år, og me får eit lite innblikk i denne historia.

Aarskogbygget/NAV-bygget. Foto Arild Nybø 2003

Me har også fått ein artikkel frå tidlegare fylkesrådmann, Svein Lundevall. I dette nummeret av Systrendingen får me den fyrste av tre delar der han fortel om korleis det var å veksa opp som byråkratson her i bygda i perioden frå 1952 til 1958. I desse åra hadde han Borgaren og Riverdalen som tumleplass, og me får stifta kjennskap til folket og husa.

Som ei markering i samband med at forsøksgarden på Njøs er 100 år i år, har dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes laga ein artikkel som fortel om aktiviteten her desse hundre åra og litt om framtida for denne viktige arbeidsplassen i bygda.

Dei to siste artiklane strekk seg noko ut av bygda, men har begge på ulikt vis tilknyting til Leikanger. Hermund Kleppa fortel om eit forlis utfor kysten av Sunnmøre. Ein av bergingsmennene var Johan Rekdal, fødd i 1845 på Njøs. I artikkelen til Henning Rivedal strekker me oss til gamle Leikanger kommune, og får historia om Mensen Ernst og korleis 200-årsjubileumet etter han vart feira i 1995.

Systrendingen-redaksjonen håpar at det er lesnad for ein kvar smak i bladet, og vil ynskja alle ei riktig god jul og eit fredfullt nytt år!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *