Nybø – Fylkesmannsgard og møteplass

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Garden Nybø har vore i offentleg eige sidan 1853. Han har tidlegare vore både sorenskrivargard og fylkesmannsgard. Bygningane har sidan 1970-åra vore i kommunal eige. Bygningen vart ei stund nytta som bustad, men husar i dag Nybø barnehage.

Trebygningen i midten mellom riksvegen og barnehagen er Amtskontoret frå om lag 1860. Bygget er i dag Administrasjonsmuseum. Nordre Bergenhus Amt, frå 1919 Sogn og Fjordane fylke, vart eige fylke i 1763. Amtmennene budde i Bergen, på Kaupanger, i Lærdal og Balestrand før amtmannen i 1862 valde å slå seg ned på Leikanger. Sidan har Nybø vore kalla Fylkesmannsgarden. På garden er det fleire verneverdige bygningar, mellom anna Amtskontoret og sjølve hovudhuset, der barnehagen ligg.

Strandlina under Fylkesmannsgarden er offentleg badeplass. Her ligg Fylkesmannsnaustet og det som var badehuset for kvinnene i fylkesmannsgarden.

Ved badeplassen står det òg ein bautastein. Denne vart funnen i samband ved bygging av riksvegen i 1937, saman med gravminne frå eldre jarnalder. Her står det også eit «turkehus» som er flytt hit frå høgdegarden Eggja. «Turken» vart nytta til å tørke kornet før brygging av øl.

På oppsida av riksvegen ligg ”Gamle Amtmandslunden” eller berre ”Lunden». Lunden var tidlegare ein viktig samlingsstad i bygda og fungerte som 17. mai-plass frå kring 1900 til 1973. Det vart òg halde ungdomslags- og songarstemne i Lunden med opp til 3.000 deltakarar. Frå 1931 vart Lunden fast 1. mai-plass for arbeidarrørsla i Leikanger. Statsminister Jørgen Løvland og statsrådane Johan Castberg, Olav Meisdalshagen og Kåre Fostervoll var mellom talarane i Lunden. Dei seinare åra er Lunden restaurert noko og området blir brukt til undervisning og som leikeområde for Nybø barnehage.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *