Njøsadalen – stølsområda

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Njøsaelvi var viktig vasskjelde for jordbruket på Njøs. Njøsadalen var viktig for gardsbruka på Njøs og i Gjerde. Dalsidene og stølane i dalen og i fjellområdet gav auka matproduksjon og dermed betre økonomi. Teigane i dalen vart nytta som vårbeite
før husdyra vart flytta til fellesområda i fjellet. Om hausten var teigane slegne og høyet lagra i høyløer. Trea vart lauva og nytta til for. På ettervinteren vart foret i løene frakta til gards med hest og slede på snøføre – eit særs krevjande arbeid.

Njøsadalen har no veg frå Kvålen 90 m.o.h. til Botnabakken ca 400 m.o.h. Herifrå går vegen mot vest til Skagasete og mot aust til Geitadalen. Vegen har gjort dalen, stølsområda og fjella rundt til eit verdfullt friluftstilbod for bygdefolk og turistar.
I området opp frå dalen ligg desse stølane: Skagasete på vestsida, Tuftahaug på austsida og Hottadalen, Sumhaug og Fjærlandsete i nord. Fjærlandsetvatnet er eit godt fiskevatn.

Mykje skogplanting på 1950/60-talet og sterk attgroing har totalt forandra det gamle kulturlandskapet og dei fleste gamle høyløene har rasa saman.

Stadnamn i Njøsadalen

Dei fleste stadnamna i dalen har sitt opphav i topografi, personar eller hendingar.
Frå Kvålen og framover finn me: Svaknubben, Hatlane, Kleivane, Vetlagjerde, Galdene, Femteigen, Pyttane, Edlevavegene, Dalsete, Galden, Blomhola, Nyabrui, Garlebakkane, Idlebakkane og Botnabakken.

På vestsida ligg: Baukasengene: Plassar der ein sleit mykje med jorda; å bauka = å bala,
slita med. Skagasete: Skag- = noko som står opp eller fram (jf. skog, skjegg)

Skaganom: Om lag midt oppe i lia er det funn av mogeleg busetnad, omtala i gamle skrifter.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *