Nytt nummer av Systrendingen

På nytt er sumaren over oss att. Det gjekk fort frå jul til sumar i år også! Noko varme har me i skrivande stund hatt lite av, men det er berre å vera optimist! Medan me ventar, kan du kosa
deg med litt lokalhistorisk stoff.

Siste utgåva av Systrendingen er no på veg ut til alle abonnentane. Det er også mogeleg å kjøpe bladet på Små Livsgleder (bokhandelen) i første etasje i Saften på Hermansverk. Ønskjer du å få bladet i postkassen to gonger i året? Teikn eit årsabbonement på denne sida: Systrendingen.

I dette nummeret er det fire av dei mest trufaste skribentane som har boltra seg med ulikt
Systrondsstoff. Fyrst ut er Henning Rivedal som saman med svigerfar Kåre Risnes har dukka ned i ulike brønnar rundt om i kommunen. Me får historia til vassforsyninga i kommunen frå Kåre Risnes tok til å jobba i Leikanger kommune i 1959 og fram til han slutta i 1989.

Per Olav Bøyum, privatarkivar hjå Fylkesarkivet, presenterer oss for ei interessant brevsamling frå Gjerde. Breva er skrive av bergensaren Johan Nordal Rolfsen, som flytte til Gjerde i 1856. Rolfsen har skrive ei rekke brev til godseigar Hans K. Heiberg i Amla. Her får me innblikk i og kunnskap om mellom anna båtar og kommunikasjonsproblem på sjøen, men også arbeid og daglegliv i Gjerde. Og om bjørnen som var så glad i griser.

Kor mange kjenner til historia om bankranet på Leikanger? Knut Henning Grepstad tek oss med tilbake til slutten av 1800-talet, då denne dramatiske hendinga rysta bygda. Knut Henning fortel også historien om då det vart diskutert kor vidt Tinghus 1 skulle byggast med ungkarshyblar på loftet.

Og har de høyrt om Palnabjørka? Denne bjørka stod eit stykke innom Skrivareiki, rett ovanfor riksvegen. Bjørka vart freda i 1924, men måtte fellast i 1975 på grunn av vegarbeid. Hermund Kleppa fortel historia om bjørka.

I Kest vart dei ao, har me denne gongen fått refleksjonar frå tida på Systrond frå ekteparet Brit Olin og Jan Per Styve.

Med ynskje om ein god og varm sumar til alle lesarane våre!

Marit Anita Skrede
Redaktør for Systrendingen

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *