Systrendingen 1/2024 kjem for sal 14. juni!

Vi har gleda av å melda at Systrendingen 1/2024 kjem for sal fredag 14. juni. Det er godt, då har me helgelektyre.
I dette nummeret er det ni artiklar og tematikken spenner breitt. Her kan nemnast at me får ein oppfølgjarartikkel om brannstiftaren(??) på Leikanger, ein får lese om ny kulturmiljøplan for Sogndal kommune og jammen meg får me og lese om makrellstørje på Hermansverk. Og er det slik at det er ei utmarksløe med materialer frå mellomalderkyrkja som stod på Njøs? Dette – og mykje meir – kan Systrendingen by på denne gongen. Vi gler oss!

Systrendingen 1/2024

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *