Del av framsida til Systrendingen nr.2 2022

Systrendingen 30 år i år

30. årgangen av Systrond Sogelag sitt eige sogskrift kan no plasserast i bunken for julelitteratur. Bladet har gjennom 30 år sett fokus på kulturhistoria til bygda vår, som spenner frå dei første spor etter menneskeleg aktivitet heilt opp til vår tid. Jubileet vert markert med nokre tilbakeblikk til det fyrste nummeret av Systrendingen som kom ut i 1993. Denne siste utgåva byr i tillegg på mange nye godbitar.

Du kan mellom anna lese om det tragiske tapet av eldhuset frå 1700-talet på Leikanger prestegard som brann ned i november. Ein viktig del av prestegarden, og miljøet rundt den flotte kyrkja vår er borte.

Du få også lese historia om Bedehuset, det vel 100 år gamle gudshuset i Husabø. Det er gjort mange dykk i bedehusstyret sine møtebøker og bilete har vorte samla inn. Ei liste med viktige årstal, frå første tankar om  bedehus i 1889 til huset vart seld til private i 2013, gjev eit fyldig innføring i bedehuset si historie, bruk, økonomi og innreiing.

I år er det 20 år sidan vegen til sjukeheimen på Ohnstadhaugen med sine imponerande steinmurar vart bygd. Hermund Kleppa fortel om vegbygginga, og om då vegen vart høgtidleg opna av dåverande ordførar, Rolf Nesheim.

Bilete av veg.
Foto: Hermund Kleppa

Systrondsjenta Aud Talle (1944-2011) voks opp på Hamre. Ho reiste ut og utdanna seg til sosialantropolog. Fleire av prosjekta hennar hadde fokus på ulike tilhøve i Afrika. Aud var gift med svenske Stig Holmqvist, og saman skreiv dei fleire bøker. Stig har skrive deira felles historie til oss lesarar av Systrendingen. Historia går frå dei møttest i Tanzania i 1971 og til Aud døydde i 2011.

I førre nummer av Systrendingen fekk me historia om vårt eige forlag, Skald, ført i pennen av Henning Rivedal. Denne gongen får me presentert heile lista over bøker som Skald har gjeve ut. Det er ei imponerande lang liste over utgjevingar frå starten i 1993 til i dag. Lista er eit nyttig oppslagsverk når du lurer på kva Skald har gjeve ut, og når.

Systrendingen er super som julelektyre og gjer seg godt som gåve under juletreet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *