Systrendingen nr 2/2023 på Små Livsgleder er sant!

Jula nærmar seg og Systrond Sogelag er klar med nytt nummer av Systrendingen. 

Det syner seg at bygda hadde sine kriminelle som rusla rundt nattetider også på slutten av 1800-talet. Men den gongen som brannstiftarar.

Anne Valvik var i åra 1987-2009 den sentrale drivkrafta i marknadsførings firmaet S-info Markedsforum AS, med base på Leikanger. Tolv år gamle Ragnar fann ein bit av Systronds-historia og fotograf Wilse fann mange spannande motiv her. Bautasteinen på Fylkesmannsgarden på Nybø har vore på vandring og Hottadalsnosi – fjellet har fått mange namn. 

Sogelaget har teke initiativ til å lage bok om historia om Leikanger i ord og bilete.

«Møtebok åt Leikanger ungdomslag» frå skipinga i 1924  og utover har dukka opp.

Alt dette kan du lese meir om når du går og handlar på Små Livsgleder på Saften eller tek kontakt med Sogelaget.

Du finn oss også på www.systrondsogelag.no eller e-post: leiar@systrondsogelag.no 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *