Avduking av minnestein og opning av Hårfagreparken

Ordførar Olav Lunden opna Hårfagreparken

Denne teksten er basert på talen ordførar i Leikanger kommune, Olav Lunden, heldt ved opninga.

Kong Harald Hårfagre, om lag år 850 – 930, voks opp her i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva dette riket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike.

Etter slaget i Hafrsfjord i år 872, vart Harald Hårfagre einekonge. I meir enn 400 år rådde kongar av Hårfagre-ætta i Noreg. Den minnesteinen vi i dag skal avduke i Hårfagreparken er reist på den gamle kongsgarden Husabø. 

Bautasteinen som ligg her i parken vart funnen ved utgravingar av gravminne frå jarnalderen i Husabø. Steinen vart funnen då gartneriet vart utvida. I området der parken ligg har Husabøgardane hatt båtstøa og nausta i lang tid tilbake. Takk til Per Hauge som har overlate steinen til Hårfagreparken.

Initiativtakar til parken er Steinar Velle som i lengre tid har hatt stor interesse for mellomalderhistoria på Leikanger og i Sogn. Interessegruppa i starten var Steinar Velle, Erling Eggum og Jan Erik Lie, med utgangspunkt i at Erling Eggum ville stille tomta i Strandavegen til disposisjon for parkføremål. Stor takk til Erling Eggum som vederlagsfritt har gjeve tomta i gåve til parkføremålet.

Når det viste seg at det var tilgjengeleg tomt til føremålet på Husabø bad Steinar Velle om at Systrond sogelag tok over prosjektet og vidareførte dette fram til parken var ferdig. Sogelaget har vore ansvarlege for prosjektplanen. Det vart sett ned ei prosjektgruppe sett saman av Kjell Arne Valvik og Knut Henning Grepstad frå sogelaget, Per Holen frå kommunen og landskapsarkitekt Hilde Ruud.

Minnesteinen i Hårfagreparken.

Minnesteinen i Hårfagreparken. Klikk for å sjå fleire bilete frå dei ulike arrangementa sogelaget var med på under Fruktbare dagar 2015.

I samarbeid med Sogelaget og kommunen har Hilde Ruud på dugnad utarbeidd planskisse for Hårfagreparken. Stor takk til Hilde Ruud som også har hatt ansvaret for utforming  og oppfølging  i byggeperioden. Byggeleiinga for sjølve opparbeidinga av parken er utført på dugnad av Svein Helge Frækaland og Lars Håkon Seim. Utan deira innsats ville vi ikkje fått etablert Hårfagreparken no.

Teknisk etat i kommunen har gjort ein stor innsats. Leikanger kommune har også gjeve eit tilskot på Kr 50 000 til opparbeidinga av Hårfagreparken. Sogelaget har også søkt Sparebankstiftinga om støtte og vonar på ei positiv avgjerd der.

Minnesteinen er plukka ut hos Håvard Ølmheim. Teksten på minneplata er utforma av Steinar Velle, medan teksten til informasjonsskiltet er utforma av Steinar Velle, Knut Henning Grepstad, Kjell Arne Valvik og Per Holen. Tor Fotland har gjort jobben med det tekniske på skiltet.

Som de forstår er arbeidet med parken nok eit døme på at det  med stor dugnadsvilje og dugnadsinnsats er mogeleg å realisere nye og spanande prosjekt til glede og nytte både for lokalmiljøet og for tilreisande. Så ei stor takk til alle som har medverka! Eg vonar at vi også i framtida kan få til fleire slike samarbeidsprosjekt med Sogelaget og alle gode krefter i bygda.

Hårfagreparken er ikkje heilt ferdig. Det var nesten eit urealistisk prosjekt å ha parken klar til opning på Fruktbare dagar. Det var ikkje mogeleg å få levert skiltstativ, benkar og søppelbehaldar til avdukinga  av minnesteinen og opninga av Hårfagreparken. Men dette vil bli montert i løpet av hausten. Når Hårfagreparken er ferdigstilt vil den bli gitt som ei gåve til Leikanger kommune, som då tek over ansvaret for parken.

Her kan de sjå ein liten filmsnutt på ca 30 sekund frå den offisielle snorklyppinga:

 

Ein tanke om “Avduking av minnestein og opning av Hårfagreparken

  1. Tilbakeping: Nye skilt til Leikanger skal lokke folk og betre folkehelsa | Systrond sogelag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *