Har du sikra deg siste utgåva av Systrendingen?

Systrendingen nr. 2/2021 kom ut før jul. Dei som har abonnement skal ha fått bladet i posten. Alle andre kan kjøpe bladet på butikken Små Livsgleder i Saften på Hermansverk.

Innhald i denne utgåva

I denne utgåva har me stoff som femner perioden frå 1870-talet og fram til 1980-talet. Noko av dei ein kan lese om er ei samling brev sendt frå Leikanger til utvandra slektningar i Amerika, lovbrot utført av Systrendingar på slutten av 1800-talet, historia til den populære Kleppavegen, og tredje og siste del av artikkelen «Riverdalen – industrielt sentrum og leikeområde».

Bli abonnent

Viss du kunne tenke deg å abonnere på sogeskriftet frå Leikanger, så kan du tinge abonnement på heimesida vår. Fyll ut skjema på denne sida: Systrendingen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *