Sommarnummeret av Systrendingen klart for ei kosestund!

Når starta fotballen i Syril? Kor lenge var Peder Rusten lensmann i Leikanger? Kor er Bodlasteinsvatnet og Oksli?  Kvifor heiter det Laggasteinane? Når vart første skyttarlaget skipa på Leikanger?

Vil du ha svara? Dei finn du i i Systrond sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.

Tidlegare fylkesrådmann Svein Lundevall fortel om sitt oppveksteldorado på 1950 talet, rikt illustrert med foto frå samtida. På Hermansverk og i sentrumsnære Riverdalen var det industri, handel, kai og mange fargerike personar.

Knut Grinde fortel om Systrond si lange og rike skytarlagshistorie, med utgangspunkt i at Syrstrond skyttarlag i 1953 tok i bruk ny skytebane i Huksdalen.

Karl Husabø fortel om Peder Rusten i Baldershage, ein markert lensmann i kommunen rundt forrige århundre skifte.  Hanehaug har bidrege til arkitekturen i Sandviken i Bergen frå 1780-åra.  

Systrendingen har fått eit par lovande nye forfattarar. Mangeårig lokalavisjournalist Jon Navarsete har startar ein serie om Systrond si stoltheit; Syril. Her får me møta fleire Syril-kjendisar! Og fleire er lova i seinare nummer.

Serien med namnsetjing av fjellområde i Leikanger held fram. Denne gongen er det fjellområda mellom Henjadalen og Sogndalsdalen med Fjærlandsete.

Gjev dette inspirasjon til at sommaren sine turar går til den flotte naturen i kommunen vår sin eigen fjellheim?

God tur, god sommar og kos dykk med Systrendingen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *