Hårfagrepark i Strandavegen

Bakgrunnen for Harald Hårfagre-prosjektet

Framståande historikarar som professorane Knut Helle, Torgrim Titlestad og Claus Krag er samde om at Harald Hårfagre var son til austlandskongen Halvdan Svarte og Ragnhild, dotter til sognekongen Harald Gullskjegg. Som halvt sogning av fødsel og endå meir gjennom oppvekst, fortener han å få eit minnesmerke på Husabø.

Gjennom fleire avisinnlegg dei siste åra har Steinar Velle prøvd å dra fram Harald Hårfagre si tilknyting til Sogn. På nyåret i år vart Steinar Velle kontakta av hotelleigar Jan Erik Lie. Han støtta tanken fullt ut, og kunne fortelje at Erling Eggum har ei lita tomt, ca 100 m2 på oppsida av Strandavegen, ca 100 m innanfor Leikanger Fjord Hotell. Denne tomta stiller han gratis til disposisjon for eit minnesmerke.

Det vart danna ei uformell prosjektgruppe. I samråd med geolog Svein Helge Frækaland er det valt ut stein. På steinen skal det festast ei støypt bronseplate. Teksten er utforma i samråd med leiaren i sogelaget. Området bør lagast til som ein liten park med benkar og informasjonstavle – ein stad der folk kan få vite meir om den rike historia som knyter seg til garden Husabø.

I neste nummer av Systrendingen, som kjem ut i desse dagar, gjer Steinar Velle meir detaljert greie for Harald Hårfagre og hans tilknyting til Systrond. Vi gjer merksam på at statua som Jan Erik Lie har reist i hotellhagen, er hans private tiltak. Det har ikkje samanheng med planane om ein Hårfagrepark.

Planskisse Hårfagrepark

Systrond sogelag har no teke over framdrifta av saka, og samarbeider med kommunen i det vidare arbeidet. Systrond sogelag har i styremøte 3.juni gjort følgjande vedtak:

”Systrond sogelag tek på seg arbeidet med å få utarbeidd ei prosjektskisse og kostnadsoverslag for Hårfagreparken. Sogelaget har forplikta seg ovanfor kommunen til å forskottera kostnadane. Sogelaget vil også utføre arbeidet med å søka finansiering.”

Systrond sogelag overtok saka frå interessegruppa frå dette tidspunktet. Landskapsarkitekt Hilde Ruud har utarbeidd detaljplanen for Hårfagreparken på dugnad for sogelaget. Både Systrond sogelag og Leikanger kommune har teke del i utarbeidinga av detaljplanen. Lars Håkon Seim/Svein Helge Frækaland har sagt seg viljuge til å vere byggeleiarar på dugnad.

Tomta ligg fint til på Husabø, ved Strandavegen. Den har lett tilkomst og ligg godt plassert i høve til turgåarar på Strandavegen. Ein Hårfagrepark på denne tomta passar godt med andre skilta og uskilta kulturminne på strekninga mellom Hanahaug og Leikanger Kyrkje, med mellom anna det tilrettelagde fornminnefeltet inne på gravplassen, Baldersteinen, prestegarden og mellomalderkyrkja, samt strandsitjarmiljøet. Vi ser føre oss at både innbyggjarar i Leikanger og turistar vil vere brukarar av parken.

Hårfagreparken_flyfoto

Tomta

Tomta er oppmålt og grensene er utsett i marka. Det er sett i gang delingssak der det vert oppretta eige g/bnr. Tomta blir overdrege vederlagsfritt frå Erling Eggum til Leikanger kommune. Planskissa er utarbeidd av Landskapsarkitekt Hilde Ruud.

Hårfagreparken_skisse

 

Element i detaljplanen for parken

Minnestein med minneplate i bronse

Mål på steinen som minneplata skal plasserast på er 2.65 m høg, 65 cm brei, 35 cm tjukk. Steinen bør rage minimum 2,20 m over ferdig planert grunn/dekke. Steinen skal stå på ein støypt sokkel (under bakkenivå) med solid forankring (Lars Håkon Seim, fagmann). Steinen er teken ut hos Leikanger Maskinservice AS på Kvålen. Steinen skal transporterast og ellomlagrast på andre sida av Strandavegen etter tilvising frå grunneigar Erling Eggum.

Minnesteinen som bronseplata skal festast på er plukka ut og ligg på Kvålen. Bronseplata som skal festast på steinen er motteken og betalt av Systrond sogelag (Kr 10 000). Minnesteinen skal settast opp utan synleg sokkel.

Hårfagreparken_Minnestein

 

Infoskilt

Det er lagt opp til å plassere eit infoskilt ved sidan av minnesteinen. Jobben med å klargjere/oversetje tekst til infoskiltet blir gjort av Opplev Leikanger i samarbeid med Systrond sogelag. Ingvald Husabø Prenteverk produserar infoskiltet som skal stå med trykk på aluminiumsplate. Det blir lagt opp til eit enkelt stativ for infoskilt fundamentert under bakkenivå.

Original bautastein

Det hadde vore ein styrke for Hårfagreparken om den originale bautasteinen frå Husabø, som i dag ligg på ved nedkøyrsla til Syrstrand Gartneri, hadde blitt eit element i parken. Landskapsarkitekten har tenkt denne bautaen frå utgravingane på Syrstrand Gartneri inn i parken. Den originale bautasteinen vil bli lagt på bakken slik at denne også kan brukast til å sitte på.

Hårfagreparken_bautastein

 

Benkar

Det er valt enkle benkar som krev lite vedlikehald, og som kan stå ute heile året. Benkane skal fundamenterast under bakken. To benkar vil bli sett opp i parken.

Kostnadsoverslag

Systrond sogelag har utarbeidd kostnadsoverslag som grunnlag for søknadar om finansiering. (Alle prisar eks. mva.)

Grunnarbeid og fundament 40 000,-
Benkar 20 000,-
Infotavle; aluminiumstrykk/stativ 10 000,-
Minneplate i bronse 8 000,-
Minnestein 2 000,-
Transportkostnader (bautastein ved gartneriet) 1 000,-
Grusdekke 10 000,-
Uspesifiserte utgifter 9 000,-
Prosjektkostnader 100 000,-

Sogelaget avklarar med Opplev Leikanger om bidrag til finansieringa av infoskilt.

Systrond sogelag inviterar Leikanger kommune til å koma med økonomisk bidrag til opparbeidinga av Hårfagreparken, og overtaking av drifta når parken er ferdigstilt. Vi vil kome tilbake med ein finansieringsplan der også kommunen blir søkt om eit konkret beløp, saman med næringsdrivande i Leikanger. Systrond sogelag har allereie teke kostnadane med bronseplata, og prosjektskisse med detaljplan er utarbeidd på dugnad. Leikanger kommune sender delingssaka/planskissa til Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune for fråsegn i saka.

Framdrift

Prosjektet blir presentert for Leikanger kommunestyre i møte 18. juni. Presentasjon for pressa litt seinare. Vi har eit mål om avduking/opning av parken under Fruktbare dagar i haust.

1 thought on “Hårfagrepark i Strandavegen

  1. Tilbakeping: Nye skilt til Leikanger skal lokke folk og betre folkehelsa | Systrond sogelag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *