Henjadalen – Henjaelvi

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Henjadalen var viktig for gardsbruka på Henjum og Røysum. Henjaelvi er det største og viktigaste vassdraget i Leikanger, grunnlaget for eit mangfald av aktivitetar. Elva leverer drikkevatn og vatn til jordbruket og næringslivet, mellom anna til Eros Laks sitt settefiskanlegg i Riverdalen.

Frå slutten av 1800-talet vart elva ein avgjerande føresetnad for eit mangfald av industriverksemder. Langs elva kom møllebruk, sagbruk, trelasthandel, tønnefabrikk, slakteri og pølsefabrikk. Vidare kom dampfargeri, ullspinneri, syltetøyfabrikk, sildehermetikkfabrikk, kommunalt kraftverk og meir lys i husa til folk langs elva. Frå 1913 har det vore kraftproduksjon i Henjaelvi.

Henjadalen og stølsområda, med Flya som det største, var viktige for matproduksjon og økonomien til bøndene.

Dalen og fjellområda rundt, med godt merka stiar, er populære område for friluftsliv og rekreasjon. På ein kort strekning frå fjorden til «Lakshøl», kan ein fanga laks og sjøaure. Lengre oppe vaker bekkeauren i dei mange småkulpane. Med fiskekort er Henjaelvi open for fiske.

I vatna over Henjaelvi er det fin fjellaure. Myrdalsvatnet og Trastadalsvatna er gode fiskevatn. Fisket i vatna er regulert med fiskekort.

Store Trastadalsvatn er oppdemt og sikrar trygg vassforsyning til bygda året rundt.
Henjaelvi er bygd ut som ein del av Leikanger Kraftverk med oppstart i 2020.
Saman med vatn frå Grindselva vert det produsert 208 Gwh i ein kraftstasjon i Suppham ved Sognefjorden.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *