Henjahaugane – gardsgravfeltet på Henjum

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Garden Henjum har vore mellom dei største gardane på Vestlandet. Skriftlege kjelder fortel at Henjum var ein storgard i mellomalderen og seinare. Eiga kyrkja i mellomalderen vitnar om kor mektig garden var. Klyngetunstrukturen på garden er enno intakt. Henjum og nabogarden Røysum var mektige også i jarnalderen.

Gravfeltet Henjahaugane med minst 10 gravhaugar ligg ovanfor klyngetunet. Fire av desse ligg svært synleg framme på kanten. Dei har eit søkk i toppen, noko som viser at dei har vore plyndra. Arkeologar har ikkje undersøkt Henjahaugane. Truleg har gravfeltet vore større, og kan ha strekt seg både nord- og austover. Lenger aust ligg ei stor grav som kan ha vore del av det same gravfeltet. Nord for Henjahaugane er det også funne restar av ei grav. I denne vart det funne eit hestebissel, sverd og skiferbryne. Alle dei kjende gravene frå Henjum er truleg frå jarnalderen.

Teigane til gardane Henjum og Røysum ligg om einannan. Dette tyder på at dei ein gong var ein gard som seinare vart delt. Også på Røysum er det mange kjende gravminne frå jarnalderen. Ein del av desse er arkeologisk undersøkte. Undersøkingane viste at gravene var rikt utstyrte, og fleire av dei er rike kvinnegraver frå folkevandringstida (400-550 e.Kr). Dette kan forklarast med at Henjum og Røysum har fått rikdomen sin frå omfattande stølsdrift i eldre jarnalder. Dette var ein aktivitet som for ei stor grad var styrt av kvinner. Oppe i fjellet, knytt til gardane Henjum og Røysum, ligg eit av dei største tufteanlegga frå jernalder i Norge.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *