Henjum opphavsgard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Gardstunet Henjum er ein av dei fem eldste gardane på Leikanger med ei interessant kulturhistorie tilbake til førhistorisk tid. Namnet Henjum (norrønt: Heinvinjar) er sett saman av hein (bryne) og vin som tyder beitemark.

Henjum hadde si eiga kyrkje i mellomalderen. På denne tida var garden av dei viktigaste på vestlandet. Framleis er den gamle klyngetunstrukturen med røter i mellomalderen, godt synleg. Eldre kart syner at det har vore over 100 store og små hus i klyngetunet i tidlegare tider. I Henjagrenda blei fruktdyrking vanleg rundt år 1900. I dag har tunet til saman 30 bygningar som høyrer til seks ulike bruk. I ein av dei finn vi gardsrestauranten ”Henjatunet, Eggjagarden”, med lokal tradisjonsmat som spesialitet.

Klyngetunet er omkransa av gravhaugar frå eldre og yngre jarnalder. Det største bevarte gravfeltet i Leikanger, Henjahaugane, ligg høgt og fritt ovanfor Henjatunet med vidt utsyn over Sognefjorden. I fjellområda til Henjagardane, i Friksdal, finn vi eitt av landets største tufteanlegg (spor av tomter etter stølsbygningar) frå jarnalderen.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *