Hermansverk

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Hermansverk er ein av dei to historiske tettstadane i Leikanger kommune. Leikanger eller Hanehaug er den andre. Eit fellesnamn for heile bygda er Systrond. Hermansverk har i dag overteke det meste av handel og andre viktige fellesfunksjonar.

Hermansverk – «Herman sitt verk» – fekk rundt 1844 namn etter kjøpmann Herman Brun som då hadde skapt aktivitet i området. Sentrumsområdet mellom Henjaelvi og Njøsaelvi blir også kalla Brungarden. Området vest for Henjaelvi blir kalla Henjasanden og området aust for elva heite Njøsasanden.

Kaien framfor Fjordkroa var fram til 1976 terminal for person- og godstransport. Då vart det bygt ny kai for heile bygda på Leikanger/Hanahaug, den vestre tettstaden i kommunen.

På Hermansverk voks det frå tidleg på 1900-talet fram allsidig industriverksemd: sagbruk, sardinfabrikk, Drægni sin syltetøy- og saftfabrikk, trevare- og møbelfabrikk og ullvarefabrikken Sygna 1 km oppover Henjaelva. Den gamle møbelfabrikken i Riverdalen, på austsida av Henjaelva, står i stor grad uendra frå 1920-talet. Fabrikken og småhusa i området syner Hermansverk si historie som tettstad.

Saft- og syltetøyprodusenten Lerum AS hadde aktivitet i Drægni AS sitt bygg til 1998. Då var det slutt på ein 100-årig industriperiode på Hermansverk.

I «Saften», den om- og påbygde saft- og syltetøyfabrikken, finn vi redaksjonen til fylket si nest største avis, Sogn Avis i tillegg til Balder bryggeri, fleire butikkar, kultursal og idrettshall. I «Gamlehotellet» like ved ligg forlaget Skald. Sognefjord Hotel på Nokkaneset er ei vidareføring av ein lang hotell- og gjestgivartradisjon på Hermansverk.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *