Kva skjer med Leikanger prestegard?

Systrond sogelag meiner det er naudsynt å stella den praktfulle hagen, og ynskjer ei heilskapleg vurdering av prestegarden.

Ved Leikanger kyrkje ligg den uvanleg grøderike prestegardshagen. Det er ein sjeldan vakker botanisk hage med 5 velhaldne bygningar og fleire eksotiske planteslag. Mange av trea og vekstane i hagen høyrer til på langt sørlegare breiddegrader.

Foto: Lykkjebakken

Tresorten Libocedrus decurrens frå det vestlege Nord-Amerika er rekna som den sjeldnaste og mest spesielle i prestegardshagen, med få eksemplar i Noreg. Mammuttreet (Sequoiadendron giganteum) er 160 år gamalt og meir enn 21 meter høgt. Treet er det største i sitt slag i Noreg. Det kan bli langt over 2000 år gamalt.

Ei av informasjonstavlene ein kan finne rundt om i bygda fortel om den spesielle hagen knytt til Leikanger prestegard.

Prestegarden på Leikanger skal etter kvart gå frå Opplysningsvesnets fond til Den Norske Kirke. Det som er tenkt er at kyrkja overtek prestebustaden og garasjen, medan OVF vil eiga dei resterande byggningane.

– Me er opptekne av å sjå eigedomen i ein heilskap. Det gjeld då hovudbygningen og dei fire husa som følgjer med, og dessutan hagen, seier leiar i Systrond Sogelag, Knut Henning Grepstad

Me forventar at det vert høgt prioritert og tatt vare på, seier Knut Henning Grepstad, leiar av Systrond sogelag

Les heile saka på Sogn Avis: www.sognavis.no/sogelaget-meiner-prestegarden-ma-sjaast-i-sin-heilskap-me-forventar-at-det-vert-hogt-prioritert-og-tatt-vare-pa/s/5-115-829740

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *