Sogn tidleg råka av konspirasjonsteoriar!

Falske nyhende og konspirasjonsteoriar finnast i mengder i dagens medieflora og i sosiale media. I Sogn vart vi tidleg råka av fenomenet. I sommarnummeret av Systrendingen presenterer vi ei snart 50 år gamal lokal sak.

Mangeårig journalist i NRK Sogn og Fjordane, Inge Kjell Holme, tek oss med tilbake til 1974. Då utspann ein av dåtidas grovaste konspirasjonsteoriar seg i Sogn. Dåverande redaktør Hans Arnesen i Sogningen/Sogns Avis, med lettvint forhold til Ver Varsam-plakaten, spelte hovudrolla i ei historie som kunne gått heilt gale.

Meir om brotsverk og straff, både generelt og med lokal tilknyting, får vi i to andre artiklar. Eli Merete Velle presenterer manuskriptet til far hennar, juristen Steinar Velle sitt føredrag om rettshistoria i korte trekk. Her finn vi spanande stoff om tida frå då folket utøvde dømmande og lovgjevande makt på Tinget, via Gulatingslova, Magnus Lagabøters landslov og fram til norske lover i dag.

Karl Husabø skriv også om brotsverk og straff, men i Systrondsbygda i 1880- og 1890-åra. Vi les om innbrot på kaien på Hanehaug, tjuveri eller underslag av ei hua, og om ein angrande syndar frå Henjum. Korleis såg samtida på desse lovbrota, og korleis vart dei straffa?

Med utgangspunkt i ei gamal teikning av Skrivareiki, har Per Olav Bøyum sett fokus på fleire av dei store trea på Systrond. Veit du at fleire av dei truleg har Noregsrekord?

Jan Per Styve, som budde i bygda fram til 1997, formidlar opplevingar og minne sett med ein byråkrat sitt blikk. Mellom anna får me høyra om striden om bygging av ny
barneskule i 1983.

Spanande sommarlektyre for både unge og gamle i late feriedagar!

Marit Anita Skrede, redktør

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *