Leite

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Leite vart det andre byggefeltet på Leikanger, etter Korea. Dei første husa kom på slutten av 1950-talet. Dei neste ti åra kom husa i området opp til garden Halland på austsida av byggefeltet, kring 100 moh. Byggesteg to kom på 1970-talet og siste steget opp mot skogen på 1980-talet. Bøane og slåtteteigane på Leite høyrde til prestegarden.

Leite kan ha fleire tydingar, men det naturlege her er: «Bakkehøgd med godt utsyn».
På slutten av 1800-talet starta folk i familien Rise frå Strandebarm i Hardanger med
utvinning av steinheller i Helleberget, eit hellebrot på prestegarden like ovanfor byggefelta.

Hellene vart brukte på tak på bustadhus, fjøsar og andre gardshus, både i bygda og i
bygder rundt om i Sognefjorden. Mellom anna finn me heller frå Leikanger på Styvi i
Nærøyfjorden. Hellene vart frakta med hest og slede ned til Prestegardsstranda.

Her var det bygd ein steinkai godt tilpassa som lasteplass for utskiping med båt.
Frå Leite går det fleire stiar opp til Kleppa, via Frækaland i vest og via Hallandsberget
i aust. Over Frækaland ligg Risedammen bygd av Lars Rise på slutten av 1930-talet.
Dammen skulle sikre vatn heile året til Husabø, Hanehaug og områda rundt. Frå Kleppa er det flott utsikt over store deler av bygda.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *