Njøs – opphavsgard og forsøksgard

Flyfoto av bygda med informasjonspunkt. Informasjon frå bildet er å lese i teksten.

Njøs er ein av dei fem eldste gardane på Leikanger. Tydinga av namnet Njøs er usikkert. Garden vart delt i Nedre og Øvre Njøs langt bak i tid. Dei gamle klyngetuna, ein
gardsstruktur med røter i mellomalderen, låg på Nedre Njøs og Øvre Njøs. På Nedre Njøs ligg framleis klyngetunet intakt. På Øvre Nøs låg tunet der driftsbygningane på Njøs frukt- og bærsenter ligg no. Herifrå er det god utsikt over fjorden og bygda, og det har tidlegare lege gravminne frå jarnalderen i dette området.

Njøs fekk eiga steinkyrkje før 1250 og hadde eigen prest til ut på 1500-talet. Dei siste kyrkjemurane vart rivne i 1883, men spora etter kyrkja ligg framleis under dyrka mark
ved Stoppelshaug.

Staten grunnla Noregs første forsøksgard for fruktdyrking på Njøs i 1920. Her vart det drive forsking på frukt og bær samanhengande fram til 2007, då verksemda vart
flytt til Hardanger. Landbruksklyngja Njøs frukt- og bærsenter, Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane og Njøs næringsutvikling AS arbeider med sortsutvikling og produksjonsutvikling, feltforsøk og konsulentoppdrag på frukt og bær.
På Njøs er det gjort samanhengande observasjonar av blomstring i frukt og bær sidan tidleg på 1920-talet. Det er utført meteorologiske observasjonar samanhengande
sidan 1929, ein måleserie det knapt finst maken til andre stader.

Av viktige sortar som er utvikla på Njøs kan nemnast bringebæret Veten, jordbæret Glima, eplet Idunn, plomma Edda og pæra Celina. Du kan lese meir om frukt- og
bærsortar frå Njøs på www.fruktsorter.no.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *