Henjaelvi – med mangfaldige aktivitetar

Elvesti: Mellom Gjerde og sentrum går det ein sti langs elvekanten og i beitemark. I perioden juni – oktober beitar verar i området, og gjennomgangen kan vere stengd. Sjå skilt på grindar.

Henjaelvi – hovudvassdrag i Leikanger

Henjaelvi er det største og viktigaste vassdraget i Leikanger kommune. Elva leverer drikkevatn og vatn til næringsverksemd. Sognekraft AS har konsesjon til kraftutbygging i Grindselvi og Henjaelvi. Også tidlegare har det vore kraftproduksjon i Henjaelvi. El-krafta ga straum til industriverksemder og bustadhus langs elva. Henjavassdraget er fiskeførande og eit populært område for lokalt fiske og friluftsliv.

Frå bre til fjord

Henjaelvi byrjar ved Nyastølen. Her møtes elvane Friksdølao frå Friksdal, Myrdølao frå Myrdal og Trastaonao frå Trastadalen. Lenger ned kjem sideelva Reisetao, frå Fjærlandssetevatnet. Nedover mot Flyastølen buktar elva seg roleg på slettene, derettter i småfossar og så mot det rolege partiet Flotande. Her kjem Skulaonao frå vest. Henjaelvi stuper ned Rjukandefossen, renn breitt gjennom dalen og Hagane, så bratt nedover mot Lakshøl i Riverdalen og til sist roleg ut i Sognefjorden.

Vasskjelde

Henjaelvi har i generasjonar gitt folk og gardar drikkevatn og jordbruksvatn. Store Trastadalsvatn, øvst i Trastadalen, er oppdemt og sikrar trygg vassforsyning året rundt. Sommarstid er det også godt tilsig av smeltevatn frå Myrdalsbreen. Inntaket til vassverket er i Henjadalen, ved bommen der køyrevegen endar. Ved kraftutbygging vert inntaket flytta framover i dalen.

Småindustri i Riverdalen og elveosen

Elva leverer jordbruksvatn og vatn til anna verksemd, mellom anna Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Riverdalen. Heilt sidan slutten av 1800-talet har Henjaelvi vore avgjerande for ulik næringsverksemd. I 1897 starta Larsens Dampfarveri opp på Stampekloppi, nær utløpet til Henjaelvi. Med ei stampe driven av eit vasshjul blei vadmel og ullteppevev stampa, tøvd og farga. Verksemda blei seinare utvida og flytta til Hagane.

I 1890 etablerte firmaet HM Knutsen møllebruk og seinare vassag med sagbruk. Firmaet omfatta etterkvart trelasthandel, tønnefabrikk, slakteri, pølsefabrikk, eit privat kraftverk og sildehermetikkfabrikken Knutsen Preserving. Denne blei på folkemunne kalla «Silden» og låg på austsida av Henjaelvi, tett ved fjorden. Fabrikken fekk straum frå «Hermansverk Elektroverk», HM Knutsen sitt eige kraftverk i Henjaelvi.

Eit steinkast unna etablerte H. Drægni, i 1919, konservesindustri. Området blei kalla «Saftvollen», og saft- og syltetøyfabrikken fekk namnet «Saften». «Saften» var eit moderne produksjonsanlegg. Kraft frå «Hermansverk Elektroverk» ga elektrisk lys, dampdrivne maskiner og eit særeige fløytesignal. Når det var matpause blei det slept damp or dampkjelen. Dette ga ein djup lyd og eit pausevarsel, som høyrdest i heile bygda. Heilt fram til 1998 var det juice- og brusproduksjon på «Saftvollen», frå 1980-talet med Lerum Konserves som eigarar. I dag er «Saften» eit viktig kultur- og næringsbygg i bygda.

Fisk og friluftsliv

Henjaelvi er fiskeførande og eit populært område for fiske og friluftsliv. I nedste delen finst litt laks og sjøaure, lengre opp går bekkeauren. Myrdalsvatnet og Trastadalsvatna inst i dalføret har begge fin fjellaure. Fiske i Henjadalen og i fjella er regulert gjennom fiskekort-ordning.

Informasjonstavla er laga i samband med prosjektet natur- og kultursti langs Henjelvi. Opplev Leikanger, i samarbeid med Leikanger jakt og fiskelag, står bak prosjektet. Leikanger kommune har støtta arbeidet med midlar frå SMIL-ordninga. Layout: IHP as – Leikanger.

Eitorn

Eitorn, med gardane Vestreim, Eitungjerde, Eitun, Ruud, Hella, Tenningen og Tenningåsen litt inn i Fjærlandsfjorden, var frå før 1900 ei velfungerande grend med 8-10 gardsbruk og 70-80 innbyggjarar. Gamletunet – Eitun, med 4 bruk i 1338 – vart fråflytta i 1965. På husmannsplassen Kvihaugen budde den siste familien frå 1894 til 1999. Eitorn og Hella fekk veg i 1956.

Grenda hadde eigen skule frå 1880 til 1956 med 23 elevar på det meste. Skulehuset på Vestrheim vart allsidig nytta, mellom anna som forsamlingshus, bedehus, ungdomshus og grendahus. Men dans var ikkje lov.

Med eit godt klima var innbyggjarane flinke til å utnytte det dei kunne hausta frå jorda, skogen og fjella. Frukt, bær, grønsaker, kjøt, mjølkeprodukt og laks var dei viktigaste.

Grendi hadde særleg høg kompetanse på fruktdyrking. Dei selde store mengder ved til Bergen og dei laga tønneband.
Det var godt samarbeid og eit rikt sosialt liv i grendi med aktivt lagsarbeid: bondelag, tre misjonslag, fråhaldslag, ungdomslag og kristent ungdomslag, blandakor, skyttarlag og Foreining for redningsskøyta. Grendi hadde meieri, dampskipskai, postkontor, butikk til 1940, ishus, telefonstasjon frå første verdskrig og to gardskraftverk som starta opp i ca. 1935 og 1942. Eiga badstove var i drift frå 1907. Fram til juni 1912 var det registrert 1103 badande som betalte 10 øre for badet. Grendi hadde festplassen sin på 17. maihaugen, rett vest for Kvinnefossen.

Kvinnefossen med 120 meter fritt fall vart freda i 1955. Etter gamalt segn kjem namnet av att ei kvinne vaska tøyet i elvi, fall uti og forsvant i fossen. Ei anna forklaring kan vere att ved ei bestemt vassføring kan ein sjå ein kvinneskikkelse i fossen.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. • Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Eggum – Fosse – Fosshagen – Valbrekka

Eggum (ca 300 meter over havet) frå før Svartedauden (1349), er den høgstliggande garden på Leikanger. I dag er det fire gardar her. Namnet «egg» tyder fjell eller jordrygg. Fosse, i dag med to bruk, har namn etter fossen i området. Fosshagen nede ved fjorden er ein yngre gard, opphavleg hamnehage for garden Fosse.

Det er fleire gravrøyser og oldfunn i området, m.a. steinøks, båtsaum, sverd og krukke. Frå yngre jarnalder er det funne sverd og spyd. I eit gropeberg er det funne skålforma groper, truleg offergroper som kan vere frå bronsealderen og eldre jarnalder.

Eggum er eit populært område for turar i fjellområda, mellom anna austover til Kleppa, eit anna populært utfartsområde for Leikanger.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Bjørgahaug

Leikanger – tidlegare fylkeshovudstad i sogn og fjordane

Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.
Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær. Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862. Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten.

Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe. Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga.

Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene. Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han hadde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger.

Leikanger kyrkje er frå om lag 1250. Fram til svartedauden kan det ha lege ein gard på Bjørgahaug og i Bjørgadalen, lenger bak.

Bjørgahaug er eit populært turmål.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad • Foto: Håvard Nesbø • Layout: IHP as – Leikanger.

Baldersteinen

Midt i Husabø står Baldersteinen, ein bautastein på 7,8 meter. Balderseinen er landets høgste bauta. Alle dei norske bautasteinane som er blitt daterte, er sett opp i eldre jarnalder (frå 500 f.Kr. til 550 e.Kr.) og i siste del av vikingtida (800-1050 e.Kr.).

Eit islandsk sagaskrift frå 1300-talet er utgangspunktet for romanen om Fridjof den Frøkne. Av teksten frå 1300-talet går det fram at det låg eit Baldershov på Systrond. Historikarar har knytt dette hovet til Husabø. Området kring bautasteinen har namnet ”Baldershagen”.

Den høgreiste steinen har truleg lite å gjera med guden Balder. Mest truleg er steinen reist på grava til ein hovding som heldt til her i jarnalderen. I hagen mellom steinen og sjøen er det avdekka eit større gravfelt frå eldre jarnalder. Fleire mindre bautasteinar er funne i samband med dei arkeologiske undersøkingane av gravminna – både på dagens gravplass og ved Syrstrand gartneri.

Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond Sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Leikanger kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Layout: IHP as – Leikanger.

Amtskontoret

Amtskontoret på Fylkesmannsgarden Nybø er det første kontorhuset på Leikanger. Leikanger er den einaste bygda i landet som er vertsbygd for sentraladministrasjonen i eit fylke. Huset var kontor for amtmannen/ fylkesmannen frå 1862 til 1939. Huset vart reist i 1851 av sorenskrivar Hjorth. I ein branntakst frå 1851 står bygget notert som «Kontoirbygning », oppførd av tømmer på grunnmur med kjellar og teglsteinstak. Huset er 8,5 meter langt, 7 meter breitt og 2,5 meter høgt + loft. Første høgda hadde fire rom + gang og kleskott. Det eine rommet er nemnt som «Kontoirværelset ». I branntakst frå 1863 er to rom slegne saman til eitt og det er to kakkelomnar. Utvendig var bygget bordkledd og «oljemalet». Ei skisse frå 1937 viser to rom, gang og to arkivrom.

I 1939 flytta administrasjonen til nytt Tinghus ved Skrivareika. Det gamle kontoret på Fylkesmannsgarden, det første ”Statens Hus” på Leikanger, har seinare vore lite brukt. Universitetet i Bergen nytta huset i ein periode. Seinare vart huset nytta som bustad for paktarfamilien som stod føre gardsdrifta på fylkesmannsgarden. Frå 1956 har huset stått ubrukt og forfalle.

I 1974 overtok Leikanger kommune den delen av garden som ligg på nedsida av riksvegen, alle husa og festplassen Lunden på oppsida av riksvegen. I 2012 gjekk Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens vegvesen Region Vest saman om å setja Amtskontoret i stand . Huset vart demontert og sett opp att på ny grunnmur omlag 6 meter frå riksvegen.

Det «nye» Amtskontoret vart opna 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fylte 250 år. Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 med namnet Nordre Bergenhus Amt. Nemninga amt vart endra til fylke i 1919, og amtmann til fylkesmann. Frå 1763 til 1862 var amtmannen/fylkesmannen sitt kontor knytta til fylkesmannen sin bustad ulike stader i fylket og i Bergen. Amtmannen/fylkesmannen budde i denne perioden på Kaupanger, seinare for det meste i Bergen. Amtmann J. C. Falsen kom til Leikanger i 1862. Han kjøpte garden Nybø hjå sorenskrivar Hjorth. I 1863 vart Nybø statleg embetsgard.

Foto: Telemark flyselskap 1954 – Utforming: Husabø Prenteverk as, Leikanger

Ny utgåve av Systrendingen

Andre utgåve av Systrendingen for 2020 er no tilgjengeleg. Er du allereie abonnent, kjem den i postkassa. Ein kan også kjøpe bladet på Små Livsgleder på Saften. Kjenner du kanskje nokon som ønskjer seg Systrendingen i julegåve?

I denne utgåva av Systrendingen er det fleire artiklar som tek føre seg bygningar i bygda. Den fyrste bygningen me får knyta nærare kjennskap til er bustadhuset i Baldershage. Dette huset var opphavleg bygd som lensmannsbustad i 1882. Familien til lensmann Peder Rusten budde der i vel 40 år. No har familien til Karl Husabø budd der i nesten 100 år, og det er Karl som fortel historia om huset.

Les meir

Omfattande skiltprosjekt

Du har kanskje lagt merke til nokre av dei 36 skilta som presenterer kulturen, naturen og næringsaktiviteten i bygda vår frå Hella til Grauthaug? Dette er resultat av eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger.

Knut Midtun konstaterer at skiltet på Bjørgahaug er solid på plass. Med god utsikt over bygda fortel skiltet kva vi ser.
Les meir

Kva vil Systrendingar ha med i ny samfunnsplan for Sogndal kommune?

Korleis vil me at Sogndal kommune skal vere i 2030? Sogndal kommune skal revidere samfunnsdelen i kommuneplanen – vi håpar du vil delta på innspelmøte på Leikanger!

Systrond sogelag ønskjer å invitere alle våre medlemmar og andre systrendingar til å medverke i arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen for Sogndal kommune. Saman med nokre andre organisasjonar i lokalsamfunnet vårt var vi med på eit oppstartsmøte i Sogndal i regi av Sogndal kommune. Det vidare arbeidet handlar no om å få mobilisert innbyggarane til å kome med sine innspel.

Innspelsmøte på Leikanger

Syril, Skyttarlaget, Røde Kors, Musikklivet, Opplev Leikanger og Sogelaget arrangerer eit lokalt innspelsmøte den 26. oktober frå kl 18 til kl 20. Møtet blir på i skyttarhuset på Moene. På dette møtet vil du treffe andre som er engasjerte i lokalsamfunnet sitt, og ein kan arbeide saman om gode idear. Her vil alle idear og forslag bli med vidare.

Vi håper du har tid til å delta i dette viktige arbeidet eit par timar ein måndag kveld.

Grunna koronasituasjonen er det viktig at du sender påmelding innan 23. oktober til Gunn Helen Henne: opplevleikanger@gmail.com.

Les meir om arbeidet med ny samfunnsplan på Sogndal kommune si heimeside.