Sogelaget si fråsegn til framlegg til kulturminneplan

Kjell Arne Valvik registrerer kulturminne saman med familien. Foto: Marit Anita Skrede

FRÅSEGN FRÅ SYSTROND SOGELAG TIL FRAMLEGG TIL KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE FOR LEIKANGER KOMMUNE

Systrond sogelag er svært glade for at Leikanger kommune for første gong no får ein eigen kulturminneplan som dekker heile kommunen. Planen inneheld eit godt oversyn over kulturminne og kulturmiljø i kommunen. Planen identifiserer mellom anna kulturminne av lokal verdi som kommunen ynskjer å prioritere, og som er viktige å ta vare på for framtida. Vidare synleggjer planen på kva måte dette kan gjerast, både i planomtale med handlingsdel og ved plankart med føresegner.

Systrond sogelag er svært nøgd med at kommunen har valt å prioritere dette viktige arbeidet for å sikre vår felles kulturarv i kommunen for komande generasjonar. Systrond sogelag vil takke kommunen for godt samarbeid og for at vi i stor grad er vortne involverte i arbeidet med planen. Dette har skapt engasjement hos aktive medlemmar i laget, særleg knytt til registreringsarbeidet og prioriteringane i dei ulike gruppene.

Opplæringa i registreringsarbeid vil vi ha stor nytte av i det vidare arbeidet vårt.
Ein kulturminneplan er eit nyttig verktøy i arealforvaltinga og byggesakshandsaminga i kommunen, og den gjer det meir føreseieleg for grunneigarar, utbyggjarar og andre. Planen gjev også lett oversikt og tilgang til meir detaljerte opplysningar om dei registrerte kulturminna i kommunen for grunneigarar og innbyggjarar elles i kommunen. Det er viktig at alle kulturminna som er kartfesta, og at informasjon om desse, er tilgjengelege i det digitale plankartet. Kartet inneheld også mange registreringar som ikkje er tilgjengelege andre stadar, slik som til dømes vatningsveitene som no er digitalisert. Sogelaget vil også ha stor nytte i vidare sogelagsarbeid av at kommunen også har laga eit eige gardskart.

At prioriteringane frå kommunedelplanen for kulturminne i hovudsak er vidareført med omsynssoner i kommuneplanens arealdel ser vi som svært positivt med tanke på den vidare forvaltninga av kulturminna i Leikanger. Dette vidarefører og sikrar ein sterk identitet og stadkjensle for innbyggjarane i kommunen. Kulturminna og kulturlandskapet i Leikanger har stor verdi i samband med næringsutvikling, reiseliv- og friluftsaktivitetar og trivsel, og gjer Leikanger til ein attraktiv stad å bu.

Ein kulturminneplan er også viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha verdi, vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private. Mellom anna krev Kulturminnefondet at kulturminne det vert søkt midlar til (offentleg eller privat) er tekne med i, eller prioritert i ein kulturminneplan.

Det viktigaste med kulturminneplanen er at Leikanger kommune no har fått eit skikkeleg grunnlag for vurderingane som skal gjerast i kommunen, og for auka kunnskap og interesse blant innbyggjarane. Leikanger kommune har ansvaret for verneverdige kulturminne i kommunen. Ein god arbeidsprosess, med kulturminneplanen som reiskap, i planlegginga kan styrke kommunen sin politiske, strategiske og operative rolle på kulturminnefeltet. Dette bidreg til å forankre arbeidet med kulturminne. Ansvaret i kommunen må ivaretakast av fleire sektorar og med ulike verkemiddel. Plan- og byggesak skal ivareta omsynet til kulturminne gjennom plan- og bygningslova.

Landbruksavdelinga fordeler SMIL-midlar til viktige kulturminne i landbruket. Brannvesenet sikrar viktige kulturhistoriske objekt i kommunen. Skulane brukar kulturminne i undervisninga. Næringslivet og kommunen bruker kulturminne og kulturlandskap til å profilere seg og trekke til seg besøkande. Kulturminne gjev gode friluftslivsopplevingar og betre folkehelse.

Om vi ikkje sjølve tek vare på den lokale historia, vil ingen andre gjere det.

Samla vurderer Systrond sogelag at planen gjev eit godt bilete av kulturminneverdiane i kommunen. Dette gjev eit godt grunnlag og utgangspunkt for vidare arbeid med kulturminneforvaltninga i kommunen, slik handlingsdelen legg opp til.

Sogelaget ser fram til eit vidare godt samarbeid med kommunen knytt til dei ulike prioriterte tiltaka i handlingsdelen, til dømes registrering av immaterielle kulturminne. Fram til neste rullering av planen er det viktig å halde fram registreringsarbeidet, og då særleg knytt til dei immaterielle kulturminna.

Planen er også eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å revidere og vidareføre bygdesoge for Leikanger. Dette er eit prosjekt som har høgste prioritet i sogelaget og som vi meiner at kommunen i framtida må prioritere høgt.

Leikanger 8. februar 2019
Med helsing
Knut Henning Grepstad
Leiar i Systrond sogelag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *