Palmerevy, kulturminne og konflikter i Systrendingen

Siste utgåva av sogeskriftet Systrendingen er klar, og her kan du lese litt om alt det spennande stoffet som er med i denne utgåva. Systrendingen er å få kjøpt på «Små Livsgleder» på Saften eller ved å sende ein e-post til khgrepstad@gmail.comVil du abonnere på bladet? Gå inn på systrondsogelag.no/systrendingen og ting abonnement. 

Palmerevyen 60 år – Systrendingen presenterer gamle stjerner

60-årsjubilanten Palmerevyen med gamle stjerner vert presenterte i juninummeret av Systrendingen. Henning Rivedal har laga ein bildekavalkade med tilbakeblikk på mange av revyen sine glansnummer. Vi møter igjen viktige aktørar som ikkje er blant oss lenger; mellom annam Ivar Lundheim, Henry Carlson, Odd Rutle, Gunnar Johs. Vangsnes og Ingvar Halsnes. Det er også gjensyn med paven, Elvis, toppbyråkratar og mange andre som har mora oss dei siste tiåra.

Politimeisterbustaden

I serien «Fokus på eldre og verneverdige hus i bygda» har Sjur Sekse skrive om huset han bur i, Politimeisterbustaden. Huset vart bygd i 1939, og vart freda i 2001. Sekse fortel om bakgrunnen for at huset vart bygd, og om historia til huset. Han tek også vekk litt av myten som eksisterer om det å bu i eit freda hus.

Foto: Sjur Sekse

Gamle konflikter og forlikskommisjonen

Per Olav Bøyum fortel om Leikanger forlikskommisjon som hadde sitt fyrste møte 25. april 1797, og handsama mange ulike konfliktar. Ein stor del var gjeldssaker og tvistar om eigedomsrettar. I artikkelen møter vi forlikskommisær Anders Olsen Yttre Hamre, og får innblikk i nokre av sakene han hadde på bordet i dei 18 åra han sat i denne stillinga.  Yttre Hamre sitt utnemningsbrev frå amtmand Christian Magnus Falsen, den tidlegare Eidsvollsmannen, er også med. 

Nytt syn på kulturminne

Dei siste åra har arkeologar og andre med interesse for kulturminne fått eit nytt verktøy. Lidar er ein metode som kan brukast for å registrera og dokumentera kulturminne ved hjelp av luftboren laserskanning. Leikanger kommune er registrert på denne måten opp til ca 800 moh. Marit Anita Skrede viser døme på kulturminne som trer fram med denne teknologien.

Njøsadalen

Åse Njøs fortel om bruken av utmarksområda i Njøsadalen i åra 1930 -1990, eit viktig turområde rikt på kulturminne.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *